Veka som var - veke 49

Eit uhøgtideleg skråblikk på veka som var, sett frå Brussel

Les om geita som ville blir målvakt, svenskane som fekk neonstrender og parlamentsmedlemmet som spelte Candy Crush på jobb i denne vekas uhøgtidelege nyhendeoppdatering frå Brussel.

Les om geita som ville bli målvakt dagens utgåve av Veka som var. Her illustrert ved ei tilfeldig geit.

Les om geita som ville blir målvakt, svenskane som fekk neonstrender og parlamentsmedlemmet som spelte Candy Crush på jobb i denne vekas uhøgtidelege nyhendeoppdatering frå Brussel.

Våre kjære naboar svenskane fekk storfint planktonbesøk på tysdag. Millionvis av dei seig innover strendene på den vesle øya Mjörn. Det som var spesielt med planktonet var at dei er neonfarga, og lyste opp strendene i ein intens blåfarge. Ein heldig turist sto klar med kameraet og fekk seg ei unik opleving. Årsaka til at plankton, døgnfluger og nokre typar fisk kan lyse er kjemikaliet luciferin som reagerer med oksygen. Forskarar trur årsaka til at dei gjev i frå seg lys er at dei blir forstyrra av noko som fører til ein kjemisk reaksjon. Der fins også skapningar som gir i frå seg gult og infraraudt lys.

Det fins mange typar avhengigheitar, og dei siste åra av det ekstremt populære spelet Candy Crush Saga vore ein basill mange har blitt bitt av. Ein av dei er Nigel Mills. Han er parlamentsmedlem for dei konservative i Storbritannia, og klarte ikkje å halde fingrane vekke frå sin iPad under eit komitémøte om pensjonsreformar. I dagens digitale verd, må ein passe seg for slikt, for det gjekk ikkje lenge før The Sun posta eit bilete av Mills som spelte Candy Crush. Mills forklarte seg med at det var eit langt møte før han forsikra veljarane om at pensjonsreformar er eit tema han tar svært seriøst.

Pommes frittes har også enkelte avhengigheitsskapande tendensar. Belgiarane er faktisk så avhengige av pommes frittes at dei no ønskjer å få dei friterte potetene inn på verdsarvlista, saman med argentinsk tango og Peking opera. Det fins over 50.000 gatekjøken eller matvogner som sel pommes frittes i Belgia, noko som gjer dei 10 gongar vanlegare per innbyggjar enn McDonald´s i USA! 95 prosent av den belgiske befolkninga et pommes frittes minst ein gong i året. Det har blitt sagt at potetene redda mange i Noreg frå skjørbuk på 1800-talet og hadde ei avgjerande rolle i befolkningsveksten frå slutten av 1700-talet. Få grønnsaker har ein så imponerande CV, og no ser det altså ut til at poteta slår til med nye bragder, denne gongen i fritert form. Lenge leve potet!

Denne veka blei det også endeleg avklart at det er svært stressande å fri, etter at ein mann som skulle spørje si kjære om ho ville gifte seg med han hadde på seg ein hjertemonitor gjennom heile dagen. Gjennomsnittleg låg pulsen på heile 95 slag i minuttet. Heile frieriet var planlagt og skulle finne stad i Forum Romanum i Roma. Då paret nærma såg ein allereie at pulsen til den stakkars friaren går i taket, og ligg på rundt 110 slag i minuttet.

Det heile toppar seg då han går ned kne med 131 i puls og spør den uvitande kvinna om ho kunne tenkje å tilbringe resten av livet med han. Heldigvis sa ho ja. Etter timesvis med puls langt over normalen roar mannen seg endeleg ned då dei finn ein benk å setje seg ned på. Etter eksperimentet fortalde friaren at det han var mest nervøs for var å miste ringen, og at at han har fått ein nyvunnen respekt for Frodo i Ringenes Herre.

Det er ikkje lett å vere geit når din største draum i livet er ei karriere som målvakt. Med stort pågangsmot nekta nemleg ei geit på Kreta å forlate ein fotballbana under ein fotballkamp mellom to lokale lag. Uansett kor mange gongar spelarar og dommaren drog geita av bana, kom den dinglande tilbake og stilte seg framfor målet. Også den ekte målvakta blei til slutt svært frustrert over den sta geita som ville stele jobben hans. Til slutt tok ein tilskodar geita ut av stadion, og kanskje fekk den også nokre ord om at det er vanskeleg å vere målvakt når alt ein har er klovar.

God veke!