Antibiotikaresistens opp til diskusjon i Amsterdam

Utfordringar knytt til antibiotikaresistens må løysast gjennom internasjonalt samarbeid. Temaet står dirfor høgt på dagsorden når vi møter representantar frå andre land i ulike internasjonale fora. Dei er mektig imponert både over status i Noreg og våre ambisiøse mål.

I desse dagar deltek Noreg i ein stor konferanse i Amsterdam der formannskapslandet i EU, Nederland, samlar landbruks- og matministerane og helseministerane for å drøfte felles utfordringar for menneske og dyr. Frå Landbruks- og matdepartementet møter statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal. 

Sentrale tema frå dyrehelsesida er:

  • strengare restriksjonar mot bruk av antibiotikum i rutinemessig sjukdomsførebyggjing,
  • forbod mot bruk av antibiotikum som vekstfremmar,
  • reservasjon av enkelte antibiotikum til menneske og
  • forbod mot at veterinærar skal tene pengar på å selje antibiotikum.
Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal.
Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal. Foto: Torbjørn Tandberg