Historisk arkiv

Presseinformasjon

Brende møter Aurescu i Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Bogdan Aurescu frå Romania kjem til Noreg på offisielt besøk måndag 27. april, mellom anna for å møte utanriksminister Børge Brende. Møtet finn stad kl. 12.45-14.30 i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Besøket er ein gjenvisitt etter at utanriksminister Børge Brende var i Bucuresti i mai 2014.

Tema for møtet er forholdet til Russland, det austlege partnerskapet (Ukraina og Moldova), Nato-spørsmål, Libya, Midtausten og bilaterale forhold. Aurescu og Brende skal også signere ein ny skatteavtale mellom Noreg og Romania.

Kl. 14.15 signerer dei to utanriksministrane skatteavtalen. Signeringa er open for pressa.

Presse som ønskjer å dekke møtet, må registrere seg innan i morgon, fredag 24. april, kl. 14.

Oppmøte for pressa: Måndag 27.4. kl 1345, i Riddervoldsgt 2.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, 957 85 536