Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon:

Bent Høie held sjukehustalen 2020

Her presenterer helseministeren forventningane og oppdraga sine til sjukehusa i året som kjem.

Tid: Tysdag 14. januar kl. 11.00.

Stad: Rikshospitalet sitt store auditorium, Sognsvannsveien 20, 0372 Oslo.

Same dag har helseminister Bent Høie eit felles føretaksmøte for dei fire regionale helseføretaka. Møtet finn stad etter talen.

Pressa er velkomen til å høyre statsråden sin tale.

Statsråden er tilgjengeleg for intervju i etterkant av talen.

Sjukehustalen kan også følgast direkte på departementets nettsider

Bruk gjerne #sykehustalen i sosiale media.

Til toppen