Historisk arkiv

Bruk av det samiske flagget

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa foreslår at bruken av det samiske flagget blir lovfest i samelova og i lov om flagging på kommunenes offentlige bygninger.

Pressemelding

Nr.: 138/2002
Dato: 20.12.2002

[ Samisk versjon av pressemeldingen ]

Bruk av det samiske flagget

Etter at det samiske flagget blei godkjent av den 13. nordiske samekonferansen i Åre 15. august 1986, har mange etterlyst nærmare retningslinjer for bruken av flagget. Regjeringa foreslår no at bruken av det samiske flagget blir lovfest i samelova og i lov om flagging på kommunenes offentlige bygninger. Vidare foreslår regjeringa at Sametinget får mynde til å fastsetje forskrift om bruken av flagget.

Det samiske flagget er eit samlande symbol for samar på tvers av landegrensene, og blir bl.a. brukt av sametinga i Noreg, Sverige og Finland, fylkeskommunar, kommunar, organisasjonar, nokre statlege institusjonar og i privat samanheng. Flagget blir brukt ved offisielle flaggdagar og andre høgtidelege høve. I vedtak frå samekonferansen er det bestemt at bruken av det samiske flagget skal følgje reglane for flagging i dei respektive landa. I Noreg har Utanriksdepartementet utarbeidd førebels reglar for korleis det samiske flagget skal rangere i forhold til andre flagg. Utover dette har det fram til no ikkje eksistert nokon lovfest praksis for bruk av det samiske flagget.

Kommunalminister Erna Solberg seier at regjeringa ved å endre samelova og lov om flagging på kommunenes offentlige bygninger no har gitt nokre retningslinjer som kan klargjere korleis det samiske flagget kan og skal brukast. Utgangspunktet for lovendringa har vore å harmonisere det norske lovverket i samsvar med den innarbeidde praksisen for bruken av flagget.

- Sjølv om bruken av det samiske flagget no er heimla i det norske lovverket, vil Sametinget vere rette instans for spørsmål om bruken av flagget, seier kommunalminister Erna Solberg.

Til toppen