Historisk arkiv

192 millionar kroner meir i frie inntekter til Sogn og Fjordane neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 2,6 milliardar kroner i 2019. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2018 til 2019. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2018. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2018 på 2,4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2019. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2018 til 2019 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2019 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2019 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2018-2019
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
1401 Flora 693 565 15 751 2,3
1411 Gulen 171 748 3 397 2,0
1412 Solund 70 286 887 1,3
1413 Hyllestad 100 523 1 016 1,0
1416 Høyanger 260 652 4 771 1,9
1417 Vik 185 178 5 222 2,9
1418 Balestrand 102 660 7 288 7,6
1419 Leikanger 146 732 2 914 2,0
1420 Sogndal 442 306 14 256 3,3
1421 Aurland 123 639 2 106 1,7
1422 Lærdal 143 542 3 293 2,3
1424 Årdal 318 328 8 425 2,7
1426 Luster 331 299 10 695 3,3
1428 Askvoll 206 329 6 333 3,2
1429 Fjaler 203 970 2 712 1,3
1430 Gaular 202 772 4 538 2,3
1431 Jølster 199 109 5 091 2,6
1432 Førde 744 153 21 526 3,0
1433 Naustdal 189 659 5 321 2,9
1438 Bremanger 262 018 4 362 1,7
1439 Vågsøy 366 541 9 676 2,7
1441 Selje 186 429 8 726 4,9
1443 Eid 366 092 14 864 4,2
1444 Hornindal 85 482 1 259 1,5
1445 Gloppen 381 318 12 750 3,5
1449 Stryn 436 254 8 374 2,0
Fordelast gjennom året 10 500    
Sogn og Fjordane 6 931 084 189 952 2,8
       
Sogn og Fjordane fylkeskommune 2 368 604 2 019 0,1

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2019, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2018 til nasjonalbudsjettet 2019, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.