Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

338 millionar kroner meir i frie inntekter til Oppland neste år

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 2,6 milliardar kroner i 2019. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Oppland og Oppland fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2018 til 2019. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2018. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2018 på 2,4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2019. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2018 til 2019 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2019 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2019 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2018-2019
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
0501 Lillehammer 1 495 922 42 543 2,9
0502 Gjøvik 1 614 732 37 272 2,4
0511 Dovre 169 474 2 555 1,5
0512 Lesja 143 311 5 102 3,7
0513 Skjåk 139 274 3 023 2,2
0514 Lom 148 790 4 691 3,3
0515 Vågå 227 213 4 254 1,9
0516 Nord-Fron 347 313 14 729 4,4
0517 Sel 357 873 10 662 3,1
0519 Sør-Fron 191 738 3 781 2,0
0520 Ringebu 269 686 4 721 1,8
0521 Øyer 297 852 14 338 5,1
0522 Gausdal 349 727 8 562 2,5
0528 Østre Toten 816 255 17 441 2,2
0529 Vestre Toten 708 945 19 178 2,8
0532 Jevnaker 367 125 8 532 2,4
0533 Lunner 495 228 13 110 2,7
0534 Gran 773 680 19 422 2,6
0536 Søndre Land 329 151 9 166 2,9
0538 Nordre Land 390 807 9 635 2,5
0540 Sør-Aurdal 211 862 9 347 4,6
0541 Etnedal 104 494 2 128 2,1
0542 Nord-Aurdal 372 196 17 534 4,9
0543 Vestre Slidre 136 418 3 534 2,7
0544 Øystre Slidre 196 663 5 788 3,0
0545 Vang 116 482 2 882 2,5
Fordelast gjennom året 15 400    
Oppland 10 787 613 291 730 2,8
       
Oppland fylkeskommune 2 552 261 46 046 1,8

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2019, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2018 til nasjonalbudsjettet 2019, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

 

Til toppen