Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

546 millionar kroner meir i frie inntekter til Østfold neste år

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 2,6 milliardar kroner i 2019. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Østfold og Østfold fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2018 til 2019. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2018. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2018 på 2,4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2019. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2018 til 2019 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2019 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2019 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2018-2019
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
0101 Halden 1 685 549 46 641 2,8
0104 Moss 1 766 265 54 539 3,2
0105 Sarpsborg 3 057 859 103 095 3,5
0106 Fredrikstad 4 301 085 145 564 3,5
0111 Hvaler 250 045 8 367 3,5
0118 Aremark 97 397 1 635 1,7
0119 Marker 210 385 4 073 2,0
0121 Rømskog 57 551 1 694 3,0
0122 Trøgstad 310 674 6 361 2,1
0123 Spydeberg* 211 741 5 031 2,4
0124 Askim 866 927 21 916 2,6
0125 Eidsberg 644 139 18 263 2,9
0127 Skiptvet 218 936 4 629 2,2
0128 Rakkestad 482 645 11 707 2,5
0135 Råde 406 640 14 063 3,6
0136 Rygge 847 643 28 955 3,5
0137 Våler 293 895 10 430 3,7
0138 Hobøl* 202 256 3 458 1,7
Fordelast gjennom året 7 500    
Østfold 15 919 130 490 419 3,2
       
Østfold fylkeskommune 3 149 004 55 441 1,8

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2019, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2018 til nasjonalbudsjettet 2019, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Til toppen