Statsbudsjettet 2027
Eit rekordstort kulturbudsjett for fellesskap
Pressemelding | Dato: 07.10.2026 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Arbeidarparti-regjeringa foreslår ei løyving over Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett på rekordstore 28,1 milliardar kroner. Det er ein auke på om lag 946 millionar kroner frå 2026.
Budsjettforslag for 2027
Sjå sendinga her
– I ei uroleg tid er fellesskapa våre utruleg viktige. Kultur, kunst, idrett og frivilligheit samlar oss og styrker vår sivile motstandskraft. I dette budsjettet styrker vi mellom anna redaktørstyrte medium, satsar på norsk film, innfrir lovnaden om full momskompensasjon til frivillige organisasjonar i heile landet – og vi sikrar eit nytt toppidrettssenter for idretts-Noreg, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).
Mediepolitikk
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til redaktørstyrte medium med til saman 40 millionar kroner. Av dette går 30 millionar kroner til auka produksjonstilskot for blant anna å styrke lokalavisene, og 10 millionar kroner til å auke bruken av redaktørstyrte medium blant unge.
– Utbreidd spreiing av desinformasjon er ein trugsel mot demokratiet. For å sikre eit ope og opplyst offentleg ordskifte trengst det eit mangfald av redaktørstyrte medium som folk over heile landet bruker og har tillit til. Særleg viktig er dette for våre unge som i dag får mykje av nyheitene sine gjennom nyheitsstraumar styrt av algoritmar og big tech, seier kultur- og likestillingsminister Jaffery.
Regjeringa skal også sette ned eit eige utval som skal vurdere dei medieøkonomiske verkemidla og sjå om dei er treffsikre nok for å styrke mediemangfaldet i Noreg i framtida. Samansetninga av utvalet vil regjeringa kome tilbake til.
Film
Regjeringa foreslår også å styrke filmfeltet med 75 millionar kroner. 47 millionar kroner går til Filmfondet, 15 millionar til opptrapping av insentivordninga for film- og serieproduksjon og 5 millionar til ei ny tilskotsordning for oppgradering av digitalt kinoutstyr. Regjeringa vil også legge fram ei stortingsmelding om film som mellom anna skal vurdere korleis dei statlege verkemidla fungerer i møte med endringane i bransjen.
– Norske filmar og seriar samlar oss, skapar arbeidsplassar og verdiar, og styrker språk, kultur og ytringsmangfald. I dette budsjettet forslår Arbeidarparti-regjeringa ei filmsatsing i ei krevjande tid for bransjen – og vi sikrar samtidig fleire gode kinoopplevingar i heile landet, seier Jaffery.
Løyvingane til film- og dataspillformål, inkludert prisomrekning, aukar totalt med om lag 75 millionar kroner.
Kunst- og kultur
Regjeringa foreslår å styrke dansefeltet for andre år på rad med ei løyving på 10 millionar kroner. Styrkinga kjem fleire aktørar til gode, der mellom anna 6 millionar kroner går til Kilden teater og konserthus i Kristiansand og oppretting av eit nytt dansekompani for heile Sørlandet.
I 2027 foreslår regjeringa vidare løyving til fem nye kulturbygg. Prosjekta inkluderer ei naudsynt oppgradering av Kunstnernes Hus og Det Norske Teatret i Oslo, eit nytt bevaringssenter for Musea i Sør-Trøndelag, ei revitalisering av Hamsunsenteret på Hamarøy og nytt scenekunstrom i Fjaler kommune. Over 374 millionar kroner går til ordninga Nasjonale kulturbygg.
I tillegg aukar regjeringa løyvinga til Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje med 6,5 millionar kroner til arbeidet med å skifte ut taket på Nidarosdomen for å hindre at vatn kjem inn i steinkonstruksjonen.
Regjeringa foreslår også å styrke ordningane under Statens kunstnarstipend. Det blir foreslått fem nye arbeidsstipendheimlar samtidig som etableringsstipendet for unge kunstnarar blir utvida og auka frå 22 millionar i 2026 til nær 26 millionar i 2027.
Regjeringa jobbar no med ein leselyststrategi for vaksne og i budsjettforslaget for 2027 er det foreslått 6 millionar kroner for å styrke innkjøpsordningane av norskspråkleg litteratur under Norsk kulturfond. Det vil bety fleire bøker inn i biblioteka som er ein viktig arena for leselyst.
– For Arbeidarparti-regjeringa er det viktig å styrke lesegleda og leseferdigheitene blant både barn og vaksne. Lesing er avgjerande for læring, kritisk tenking og evna til å møte desinformasjon. Derfor fortset vi styrkinga av innkjøpsordningane, no med ytterlegare seks millionar, slik at biblioteka over heile landet får fleire bøker, seier Jaffery.
Regjeringa forslår også å gi songaren, tekstforfattaren og musikaren Mari Boine æresløn frå 2027. Statens æresløn blir berre gitt til ein kunstnar om gongen. Ordninga vart oppretta i 1963 og er på 200 000 kroner i året. Beløpet er skattefritt og varar livet ut.
- Pressemelding: Arbeidarparti-regjeringa held fram styrkinga på dansefeltet i heile landet
- Pressemelding: Regjeringa gir stønad til fem nye prosjekt i ordninga Nasjonale kulturbygg
- Pressemelding: Meir til kunstnarane i Statens kunstnarstipend
- Pressemelding: Æresløn til Mari Boine
Idrett og frivillig sektor
Regjeringa innfrir lovnaden om full momskompensasjon for frivillige organisasjonar også i 2027. Løyvingane til momskompensasjonsordninga er foreslått auka med 171 millionar kroner frå 2026.
– Dette er ei viktig investering i den enorme innsatsen som frivillige i heile landet legg ned kvar einaste dag. Frivilligheita skapar møteplassar, sterke lokalsamfunn og fellesskap. Derfor har Arbeidarparti-regjeringa prioritert full momskompensasjon kvart einaste år med ein samla auke på 1,4 milliardar kroner, seier Lubna Jaffery.
Også toppidretten blir prioritert i budsjettet. Regjeringa foreslår tilskot til nytt toppidrettssenter på Sognsvann. Ramma for prosjektet er på nær 1,3 milliardar kroner. Regjeringa foreslår at staten dekker 90 prosent av kostnadene, der 40 prosent kjem frå statsbudsjettet og 50 prosent frå spelemidlane.
– På tampen av eit historisk idrettsår for Noreg sikrar Arbeidarparti-regjeringa nytt toppidrettssenter, og legg til rette for at vi også i framtida kan få norske idrettsprestasjonar i verdstoppen, seier Jaffery.
- Pressemelding: Full momskompensasjon for frivilligheit og idrett også i 2027
- Pressemelding: Regjeringa vil ha nytt nasjonalt toppidrettssenter
Likestilling
Regjeringa aukar tilskotet til likestillingsprosjektet «Gutar og helsefag», som blir gjennomført av UiT Noregs arktiske universitet. Gjennom skulebesøk, arrangement og undervisningsopplegg får gutar møte mannlege rollemodellar frå helsefaglege utdanningar og yrke. Tilskotet aukar med to millionar kroner. Målet er å bidra til betre kjønnsbalanse i helse- og omsorgssektoren og gi fleire unge moglegheit til å velje utdanning og yrke uavhengig av kjønn.