Presseinvitasjon:

Elisabeth Aspaker kjem til Sjøvegan

Kunnskapsminister Elisabeth Aspaker deler ut Benjaminprisen til Sjøvegan vidaregåande skole måndag 25. januar kl. 12.30.

Kvart år blir Benjaminprisen delt ut til ein skole som tar engasjementet og arbeidet mot rasisme og diskriminering vidare. Vinner av prisen i 2016 er Sjøvegan vidaregåande skole.

Aspaker er kunnskapsminister mens Torbjørn Røe Isaksen har foreldrepermisjon. Det vil bli høve til intervju med statsråden under pressemøtet kl. 13.20.

Kontaktperson: Kommunikasjonsrådgivar Dino Prohic. Tlf: 922 25 224. E-post: dino.prohic@kd.dep.no.

 

Program

12.30         Opning i kantina

12.32         Musikkinnslag

12.37         Statsråd Elisabeth Aspaker held tale

12.42         Juryleiaren les opp juryen sin grunngjeving

12.45         Statsråden og juryleiaren overrekker prisen

12.47         Takketale av rektor Kjell Arne Giske

12.54         Kulturinnslag

12.57         Helsing frå skoleeigar ved leiar i fylkesrådet Roar Sollied

13.02         Helsing frå fylkesmannen i Troms v/utdanningsdirektør

13.07         Helsing frå leiar i elevrådet Torunn Paulsen

13.10         Kulturinnslag

13.15         Avslutting

13.16         Pressemøte med statsråd og juryleiar