Endringar i spesialistforskrifta frå 1. september

Frå i dag er det gjort nokre endringar i forskrift om spesialistutdanning og spesialistgodkjenning for legar og tannlegar (spesialistforskrifta).

Det er gjort endringar knytt til krava om registrering av utdanningsverksemder. Verksemdene skal reknast som registrerte frå søknadstidspunktet.

I ei overgangsperiode som gjeld ut 2023, kan Helsedirektoratet bestemme at verksemder som søker om registrering, og som har gitt utdanning i samsvar med krava i forskrifta, skal kunne reknast som registrerte frå eit tidlegare tidspunkt enn søknadstidspunktet. Endringane framgår av forskrifta § 21 tredje ledd og § 38 andre ledd.

Endringar i rettleiarkompetanse

Det er òg gjort endringar knytt til rettleiarar sin kompetanse. Det er no innført unntak under lengre tenesteopphald utanfor den ansvarlege utdanningsverksemda.

I slike tilfelle kan rettleiaren ha spesialistgodkjenning i ein annan spesialitet. Endringa framgår av forskrifta § 25 tredje ledd tredje punktum.

Overgangsføresegnene i forskrifta § 37 blei endra frå 1. januar 2022. Ved eit mistak blei ikkje fristen i § 37 tredje ledd bokstav b knytt til legar under spesialisering i allmennmedisin, samfunnsmedisin og arbeidsmedisin endra frå dette tidspunktet. Forskrifta er no endra, og fristen er 31. desember 2023.