Fem finalistar kjempar om å bli Årets unge bonde 2017
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 09.11.2017
Rekordmange unge bønder er i år nominert til årets unge bonde. Blant 453 kandidatar er no fem finalistar stemt fram. Juryen legg spesielt vekt på ein framtidsretta og innovativ matproduksjon når dei i morgon skal kåre vinnaren på Felleskjøpet si "Ung bonde"-samling på Lillestrøm.
– Norsk matproduksjon treng unge dyktige bønder som tør å tenke nytt, utnyttar ressursane på garden, stiller høge krav til kvalitet og satsar på landbruket. Finalistane i år gjer nettopp det. Dei er inspirerande og har både ambisjonar og visjonar for eiga verksemd og for landbruket. Dei er gode førebilete for andre unge, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Årets unge bonde vert kåra for åttande gong i morgon, og er ein del av rekrutteringskampanjen "Grøn utdanning". Målet er å lyfte fram eit sunt førebilete som kan inspirere fleire kloke hovud og driftige hender til å finne vegen til norsk landbruk. Det er berre bønder under 35 år som deltek i kåringa.
Dei fem finalistane er:
- Marthe Bogstad, 27 år, Kløfta, Akershus.
Marthe er mjølkeprodusent og driv Randby aktivitetsgard som tek imot skoler og barnehagar. Ho har mottatt pris for beste grovfôrprodusent. - Lars Johan Flatebø, 28 år, Etne, Hordaland.
Lars driver med kjøtt- og mjølkeproduksjon og slaktegris på garden. Han planlegg å starte med sau. - Markus Heiberg, 34 år, Tana, Finnmark.
Markus driv med kjøtt og mjølkeproduksjon. Han har tilsett og lært opp tilflyttar frå Eritrea til ein dyktig fjøsrøkter. - Einar Kiserud, 34 år, Spydeberg, Østfold.
Einar produserer økologisk mjølk og kjøtt. Han dyrkar erter og andre protein med mål om å bli sjølvforsynt med kraftfôr. - Cecilie Nilsen, 31 år, Lista, Vest-Agder.
Cecilie driv med kjøttproduksjon frå storfe og er i ferd med å starte kjøttproduksjon frå alpakka. Ho sel garn og andre alpakkaprodukt frå eigen nettbutikk.
Juryen
Juryen blir i år leia av landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Dei andre medlemane er:
- Administrande direktør i Innovasjon Norge Anita Krohn Traaseth,
- Professor ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet Pål Johan From,
- Redaktør i Mat fra Norge Per Borglund,
- Styreleiar i Felleskjøpet Agri Anne Jødahl Skuterud,
- Leiar i Norges Bygdeungdomslag Tora Voll Dombu,
- Leiar for kvalitet, bærekraft og innkjøp i McDonald's Norge Hilde Øverby.