Historisk arkiv

Fleire kvinner i arbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

– Sju av ti kvinner som avslutta programmet i 2017, gjekk over til arbeid eller utdanning. Innsatsen for å få fleire i jobb fungerer, seier statssekretær Tom Erlend Skaug.

Kvalifiseringsprogrammet Jobbsjansen er for tida under evaluering av Ideas2evidence. I desse dagane blir delrapport levert 2 før sluttrapporten kjem i desember 2019.

Delrapporten stadfestar at Jobbsjansen har positive effektar for deltakarane.

Fungerer etter formålet

– Evalueringa tyder på at Jobbsjansen er svært viktig for å styrkje kvinnene sin moglegheiter i arbeidslivet, seier statssekretær Tom Erlend Skaug.

Rapporten er seier at innsatsen ser ut til å fungere etter formålet. 

– Ei hovudutfordring i integreringspolitikken er at for mange innvandrarar, særleg flyktningar og kvinner, blir ståande utanfor arbeidslivet. Målet er at fleire kan forsørgje seg sjølv og sine, seier Skaug. 

Positive effektar

Jobbsjansen er utarbeidd etter modell av introduksjonsordninga, og er ein vidareføring av forsøksordninga Ny Sjanse som starta opp i 2005. I tillegg til tiltaka som rettar seg om heimeverande kvinner, består Jobbsjansen av to andre delar.

Gjennom Jobbsjansen del B kan skuleeigarar søkje om prosjektmidlar for å tilby meir grunnskuleopplæring til ungdom slik at fleire blir i stand til å fullføre vidaregåande opplæring.

Jobbsjansen del C opnar for forsøk med lengre programtid for deltakarar i introduksjonsprogrammet.

Jobbsjansen er for tida under evaluering av Ideas2evidence. Evalueringa er delt inn i tre: 1) kunnskapsoppsummering, 2) følgjeevaluering og 3) resultatrapportering frå prosjekta. Sluttrapporten for heile oppdraget skal sendes departementet innan 31.12.19.