Historisk arkiv

Foreldrepengane vert delt i tre like delar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Frå 1. juli blir mødre- og fedrekvoten utvida frå 10 til 15 veker. For dei som vel 100 prosent uttak får foreldra 15 veker kvar, og 16 veker til fordeling seg imellom.

Far og baby
Foto: Colourbox

- Eg er glad for at vi no får på plass den mest offensive og likestilte foreldrepengeordninga vi har hatt i Noreg. Dette er ein siger for barna som får vere heime med både mor og far det første leveåret. I tillegg er dette bra for likestillinga sidan fedrane vil ta ut ein større del av foreldrepengane og mødrene kjem raskare attende i arbeid, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland. 

10 til 15 veker

Utvidinga av mødre- og fedrekvota gjeld for fødslar og adopsjonar som skjer 1. juli i år eller seinare. I Jeløyaplattforma går regjeringa inn for å dele foreldrepermisjonen i tre like delar. Innføringa av tredeling skjer i to trinn. Frå 1. juli vert kvotane utvida frå 10 til 15 veker. Vidare har regjeringa sendt på høyring eit forslag om å utvide kvotane også for dei som vel 80 prosent dekning og ein lengre stønadsperiode.

Fleirlingforeldre

Foreldre som får tvillingar, får foreldrepengar i 17 eller 21 veker ekstra, avhengig av om dei vel 100 eller 80 prosent uttak. Foreldre som får tre eller fleire born, får 46 eller 56 veker ekstra. Desse endringane gjeld også for barn som er fødde eller adopterte frå 1. juli i år.

Fleksibel kontantstøtte

Frå 1. august vert det innført fleksibel kontantstøtte. Foreldre som vel å ikkje ha barnet sitt i barnehage, får 100 % kontantstøtte. Foreldre kan også velje at barnet går deltid i barnehagen. Dei kan då motta 20, 40, 60 eller 80 prosent kontantstøtte, alt etter kor mange timar opphald i barnehagen som er avtalt. Foreldra vil få 80 % av full kontantstøtte dersom det er avtalt til og med åtte timar opphald i barnehagen per veke, dersom det er avtalt opp til 16 timar per veke får dei 60 % og så vidare.

Kontantstøtteordninga gjeld for barn som er mellom eitt og to år gamle og full sats er 7500 kroner i månaden per barn.