Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fråvær av kvinner i forvalting av nasjonale verneområde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Berre 48 av i alt 440 lokale representantar som er oppnemnde til å forvalte nasjonale verneområde, er kvinner. Det viser ein rapport frå Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Berre 48 av i alt 440 lokale representantar som er oppnemnde til å forvalte nasjonale verneområde, er kvinner. Det viser ein rapport frå Norsk institutt for naturforsking (NINA).

22 av dei 54 referansegrupper til nye verneområde under Nasjonalparkplanen har ikkje ei einaste kvinne mellom dei lokale representantane. Bare to av dei 54 referansegruppene hadde minst 40 prosent kvinner slik loven pålegg.

- Det er ikkje utan grunn kravet om 40 prosent kjønnsrepresentasjon har kome. Kvinner og menn har ofte ulik erfaringsbakgrunn og ulike preferansar. Det er klart at kommunane her må ta eit større ansvar, seier statssekretær Dag-Henrik Sandbakken i kommunal- og regionaldepartementet. Departementet har vore med på å finansiere arbeidet med rapporten.

Forvalting av nasjonalparkar og verneområde skjer i dag med involvering av lokale aktørar gjennom at kommunestyra peikar ut medlemmar til referansegrupper.

Lokal representasjon i verneplanarbeidet skal sikre at miljøforvaltinga tek omsyn til kommunane og lokale aktørar sine ønskjer og behov når verneplanar skal utarbeidast. At fleire kvinner blir involvert i referansegruppene på lik linje med menn, vil gjere at interessene til heile lokalsamfunnet blir spegla betre.

Undersøkinga inngår som ein del av fleire karteleggingar departementet gjennomfører for å auke kunnskapen om kvinner sin deltaking i lokalpolitikken.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen