Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Fylkesnytt frå Rogaland 3/2018

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om klimaskogprosjektet "Planting for klima".

Klimaskogprosjektet har gitt nye tankar og ny giv

Det treårige pilotprosjektet Planting for klima er no avslutta og under evaluering. Landbruksdirektør Geir Skadberg ser tilbake på tre aktive år der fleire har blitt utfordra til å tenke nytt.

– I desse dagar blir pilotprosjektet og erfaringane frå dei tre fylka evaluert av oppdragsgivarane, seier landbruksdirektør Geir Skadberg. – Det står att å sjå om prosjektet blir rulla ut som ei større satsing dei kommande åra.

Parallelt med klimaskogsatsinga har FNs klimapanel kome med ein fersk rapport som nok ein gong  understrekar alvoret i situasjonen, og peikar på planting av skog som eitt av fleire viktige klimatiltak. – Det handlar om å auke skogproduksjonen på våre landareal for å binde mest mogleg CO2. Skogplanting som klimatiltak er noko eg trur på, seier Skadberg. 

Auka blest om skog gjennom prosjektet

Målet var å teste ut planting av skog på nye areal som klimatiltak. Rogaland var pilotfylke saman med Nordland og Nord-Trøndelag. Totalt fekk prosjektet 15 mill. kr i året. Pengane har gått både til planting og til å arbeide fram god metodikk der det blei tatt nødvendige omsyn til biologisk mangfald, friluftsinteresser, fleirbruk med meir.

I Rogaland starta arbeidet med å mobilisere kommunane og å få med dei som var interesserte og hadde kapasitet. Prosjektet dekka 100 prosent av kostnadane til planting, inkludert for- og etterarbeid, og var med det attraktivt for mange bønder og grunneigarar. – Til å vere eit ungt skogfylke der gardsskogane ofte er små, så er vi nøgde med aktiviteten og mobiliseringa som prosjektet gav. Både skognæringa og forvaltninga merkar at skogen sin rolle i klimasamanheng har fått auka merksemd gjennom prosjektperioden.

Frå opninga av klimaskogprosjektet i 2015.
Frå opninga av klimaskogprosjektet i 2015. Foto: Gerd Inger Aarnes

Nybrottsarbeid 

Dette har vore nybrottsarbeid der både omsyna til landbruk og til miljø har vege tungt. Gjennom formalisert samarbeid mellom landbruksavdelinga og miljøvernavdelinga, med jamlege møtepunkt over lang tid, fekk vi fram ei felles forankring.  Vi fant gode og praktiske løysingar på potensielle stridstema, og begge avdelingar har lært mykje av arbeidet.

Det blei nytta GIS i arbeidet med å finne fram til relativt konfliktfrie område som kunne eigne seg for nyplanting. Data frå mellom anna søknad om produksjonstilskot, AR5 og Naturbase blei krysskopla, og det blei laga eit nytt kartlag med potensielt klimaskogareal som kommunane kunne bruke når dei skulle vurdere klimaskogareal hos seg. Denne måten å nytte GIS på kan vere interessant også i andre samanhengar. Til dømes kan vi nytte tilsvarande analysar for å finne areal som er eigna for nydyrking.

Kontaktperson:
Elisabeth Schmidt, fmroesc@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 87 84.

Kunnskap for betre dyrevelferd i Rogaland

Tilsynsprosjekt i husdyrnæringa har avdekka at bøndene må bli betre på dyrevelferd. Bransjen svarer med tiltak og auka aktivitet. Det handlar ikkje om fleire krav, men om å bruke- og dele kunnskap.

Animalia, helsetenestene, industrien, interesselaga og bondeorganisasjonane har sett eit tydeleg fokus på tiltak som skal sikre og dokumentere god dyrevelferd. Alle er samde om auka innsats. Spørsmålet er kva for løysingar som er mest målretta og effektive.

Fylkesmannen samla i haust industrien, veterinærforeininga og Mattilsynet for å diskutere dyrevelferd. Vi ønsker god forankring i industrien, og kompetanseprosjekt på tvers av bransjeorganisasjonane. Møtet enda opp med konkrete idear som aktørane skal arbeide vidare med:

  • Samle leiarane for å få ei best mogleg forankring
  • Prosjekt «Smilefjos i Rogaland» med fokus på dyrevelferd
  • App som viser retningsliner og kva som er akseptabelt, til dømes knyta til transport
  • Grendemøte – alle skal med!
  • Vurdere å hyre inn ekstern prosjektleiar 

Ideen om prosjekt «Smilefjos i Rogaland» kan bli omdiskutert, og det kan kome innvendingar. Vi ønsker å sjå etter gode løysningar, synleggjere dei gode og heie på dei som får det til. Kanskje kan prosjektet «Smilefjos i Rogaland» vere med på å løfte fram alle dei flinke bøndene vi har?

Ved å ta i bruk enkle verktøy som t.d. ein mobilapp kan dyrevelferda ved transport av dyr bli betre. Bonden og sjåføren kan då få hjelp til å vurdere dei ulike problemstillingane dei er oppi.

Grendemøte er lokale, nære møte mellom produsentar der dei kan gi råd og vink til kvarandre. Grønt- og grassektoren har markvandringar som treffpunkt. Kanskje kan husdyrbøndene òg møtast for å utveksle erfaringar, og hjelpe kvarandre med å «justere siktet»?

Triveleg ammekufjøs.
Triveleg ammekufjøs. Foto: Ingve B. Berntsen

Kontaktperson:
Rolf Gunnar Husveg, fmrorgh@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 88.

Biogass – nå skjer det noko i Rogaland

Rogaland har unike føresetnader for biogassproduksjon. Det sett i forhold til mengd husdyrgjødsel, fosforproblematikk og eksisterande infrastruktur for gass. Forprosjektet «Biogass/biorestproduksjon som bærekraftig gjødselhåndteringsstrategi på Jæren» fekk støtte frå Regionalt Forskingsfond Vest i september 2018. Prosjektet kan bli eit viktig steg mot etableringa av fleire biogassanlegg på Jæren, og samstundes gi viktig kunnskap for etablering i andre regionar.

Eigarane av prosjektet er kommunane Hå, Time og Klepp som til saman har om lag 10 prosent av husdyrhaldet i landet. Hå kommune er formell søkjar og prosjektansvarleg. Forskinga blir leia av forskarar frå Norwegian Research Centre AS i nært samarbeid med ei prosjektgruppa beståande av kommunane, Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune, Rogaland bondelag og næringa representert ved Jæren Biogass.

Hovudmålet med prosjektet er å vurdere logistikken for biogassproduksjon og alternativ bruk av biogass og biorest, med tre delmål:

  • Evaluere dagens gjødselsituasjon og identifisere variablar for input til Vestfold-modellen
  • Analysere ulike scenario for gjødselhandtering vha. tilpassa modell for Rogaland
  • Utvikle verdikjeder for biogass-/biorestproduksjon på Jæren

Østlandsforskning vil sjå på gjødselhandtering, og separering av husdyrgjødsla til tørr og våt del ligg som ein føresetnad i prosjektet. Kva er då mest hensiktsmessig når det gjeld storleik og lokalisering av anlegg? Vi ønsker forslag til desentraliserte noder, plassert ut frå gjødselvolum, kapasitet og lokasjon.

Jæren er eit heilt spesielt område, med omfattande husdyrhald konsentrert i eit relativt lite geografisk område. Her vil ikkje transportavstandar vere like avgjerande som i andre område.

Vi ønsker at forprosjektet bidreg til satsing på biogass i husdyrfylket Rogaland, uansett kva resultatet av nytt regelverk knyta til husdyrgjødsel blir.

Rapport om satsing på biogass utarbeida for Rogaland fylkeskommune er eit nyttig faktagrunnlag.

Kontaktperson:
Anfinn Rosnes, fmroaro@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 80.  

Kommunane tek ansvar for Jærvassdraga

Arbeidet med å motivere bøndene på Jæren til frivillig innsats for betre vassdrag held fram med nye fjes og ny forankring. Frå 1. januar 2019 overtek Hå kommune arbeidsgivaransvaret for satsinga «Frivillige tiltak i landbruket». Med på laget har dei kommunane; Klepp, Time, Sola, Sandnes, Gjesdal, Stavanger og Randaberg samt Fylkesmannen og Rogaland fylkeskommune.

Olaf Gjedrem og Olav Husveg etter at dei fekk Gjesdal kommune sin Vannpris.
Olaf Gjedrem og Olav Husveg etter at dei fekk Gjesdal kommune sin Vannpris. Foto: Lene Fjeldheim

Frivillige tiltak i landbruket starta opp i 2004. Målet var å motivere bøndene til å gjennomføre kostnadseffektive tiltak for å redusere tapa av næringsstoff frå jordbruket til vassdraga på Jæren. Det som først skulle vere eit treårig prosjekt i Rogaland landbruksselskap har blitt utvida gong på gong. Olav Husveg og Olaf Gjedrem har heile tida vore prosjektleiarar, og Olav og Olaf har så å seie blitt eit omgrep på Jæren. God kontakt med næringa og med bøndene har hatt førsteprioritet. Tillita dei har bygd opp har mykje av æra for at vi har lukkast med tiltak som m.a. Miljøavtalar, Miljøvenleg gjødselspreiing sedimentasjonsdammar ved grønsaksareal og ugjødsla randsoner.

Begge går av med pensjon i 2019, og frå nyttår startar Per Bjorland og Anne Marie Lerang i kvar sin 60-prosent stilling med Hå kommune som arbeidsgivar. Kommunane har vore tydelege i sin tilbakemelding på at frivillige tiltak er svært viktig i arbeidet med å nå måla i vassforskrifta om god økologisk tilstand i vassdraga våre. Dei har heilt frå starten i 2004 bidrege økonomisk, og vil vere med på spleiselaget i nye tre år.     

Kontaktperson:
Monica Dahlmo, fmromda@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 66.

Korleis står det til med tilskotsforvaltninga i Rogaland?

Landbruksdirektoratet har gitt fylkesmennene i oppdrag å kartleggje og greie ut kva som er dei største utfordringane når det gjeld utbetaling av tilskot, likebehandling og kompetanse. For å kunne gi eit svar på dette utarbeida Fylkesmannen i Rogaland ei spørjeundersøking som blei sendt til landbruksforvaltninga i kommunane.

Spørjeundersøkinga blei sendt ut digitalt, og vi brukte verktøyet Survey- monkey. Dei fleste kommunane var positive og svarte raskt. Erfaringa med å bruke digitalt spørjeskjema er god.

Basert på dei svara vi har fått inn er vårt hovudinntrykk er at kommunane i Rogaland stort sett har gode rutinar og god kjennskap til regelverket for produksjonstilskot i jordbruket. Vår erfaring er likevel at fleire føler det ubehageleg, vanskeleg og tidkrevjande å følge opp rundskriva når det gjeld avkorting ved regelverksbrot og vurdering av vanleg jordbruksproduksjon og driftsfellesskap. Det gjer at det er en viss fare for at det ikkje er likebehandling i kommunane, og at tilskot er blitt utbetalt på feil grunnlag.

Kontaktperson:
Sissel Endresen, fmrosce@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 60.

Til toppen