Historisk arkiv

Gjennomslag i OECD for kamp mot antibiotikaresistens

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Ministrane som no er samla til OECDs landbrukspolitiske møte i Paris, ga organisasjonen klar beskjed om å ta opp kampen mot antibiotikaresistente bakteriar. Det to dagar lange møtet retta merksemda mellom anna mot helseutfordringane i matproduksjonen. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale var ein av dei ministrane som tok opp bruken av antibiotika i sitt innlegg, og hadde på førehand spela inn synspunkter som no vert innarbeidd i den endelege deklarasjonen frå OECD-møtet.

Er nøgd

 Eg er nøgd med at stadig fleire land no er opptekne av dei store problema som den ukontrollerte bruken av antibiotika skapar. Saman med Sverige la vi stor vekt på at vi i framtida må ta større omsyn til helse i matproduksjonen. Dette vart fulgt opp av fleire andre land, for eksempel Nederland som no har formannskapet i EU, seier Dale.

– Eg har teke opp antibiotikaresistens i fleire internasjonale møter, og opplever at det no er semje om at vi må få ned bruken av antibiotika og saman jobbe for alternativ. Eg peika og på at OECD har ein jobb å gjere med analysar av dette temaet som grunnlag for vidare debatt og tiltak. Dette er ein jobb verdssamfunnet må stå saman om. Eg har forventningar til OECD sitt arbeid, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale under dagens møte i OECD.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale under dagens møte i OECD. Foto: Landbruks- og matdepatementet

Omsyn til miljø

Det er første gong sidan 2010 at landbruksministrane i OECD er samla for å drøfte landbrukspolitikken. Korleis landbruket skal kunne auke produksjonen samstundes som det vert teke omsyn til klima, miljø og helse, var hovudtemaet på møtet.