Haustjakta: Så langt ingen nye funn av Chronic Wasting Disease (CWD)

Veterinærinstituttet har til nå analysert meir enn 7100 prøver for Chronic Wasting Disease (CWD) hjå hjortedyr. På det meste har instituttet motteke 900 prøver på ein dag. Så langt er det ikkje gjort nye funn.

– Det er gledeleg at det til nå under haustjakta ikkje er påvist fleire tilfelle av denne sjukdommen, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Han strekar under at det er viktig å halde fram med prøvetakinga. – Funn av CWD hjå viltlevande dyr i Noreg er alvorleg. Vi har difor sett i verk omfattande tiltak for å redusere faren for vidare spreiing av sjukdomen. Eg er imponert over den innsatsen som no vert gjort i løpet av nokre hektiske haustveker. I beste dugnadsånd gjer alle involverte; jegerane, Mattilsynet, Veterinærinstituttet og miljøstyresmaktene, eit stort arbeid, seier Jon Georg Dale. 

Prøvesvar på dagen

Alle prøver som kjem inn vert undersøkt og gitt svar på elektronisk same dag som dei vert mottekne. Statistikk vert lagt ut på nettstadene til Mattilsynet og Hjorteviltregisteret. Dette vert oppdatert seks gonger kvar dag. Dermed kan både jegerane, Miljødirektoratet og Mattilsynet vere godt oppdatert til ei kvar tid.