Historisk arkiv

Helseminister Bent Høie mottek pakkeforløp for gravide med rusproblem

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Statsråden får overrakt pakkeforløp for gravide med rusproblem på Mestringshuset i Asker.

Pakkeforløpet gravide og rusmidlar skal bidra til at fleire gravide kvinner med rusproblem vert oppdaga og får tilbod om hjelp. Det skal sikre at den nyfødde får det best moglege utgangspunktet og familien får den hjelpa dei treng.

Forløpet skal sikre ei trygg, forsterka og systematisk svangerskapsomsorg, og målet er å nå alle gravide som nyttar rusmidlar under graviditeten.

Forutan helseministeren deltek ordførar Lene Conradi i Asker, arbeidsgruppa som har utarbeida pakkeforløpet og representantar for Helsedirektoratet. Rådgjevar i brukarmedverknad Line Eikenes Langsholt, vil også seie noko om kva som er viktig for gravide med rusproblem.

Torsdag 3. oktober kl. 12.30 – 13.30

Stad: Asker kommune, Mestringshuset, Erteløkka 3, 1. etg

Pressa er velkomen til å delta. Statsråden er tilgjengelig for intervju.