Presseinformasjon

Utanriksminister Eriksen Søreide til Nato i Brussel

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek på Natos utanriksministermøte i Brussel 5.-6. desember. Møtet i Brussel blir eit viktig steg på vegen mot Nato sitt toppmøte sommaren 2018.

Nato-møtet byrjar med ein diskusjon om tilhøvet mellom Nato og EU. EU sin høgrepresentant for utanrikssaker, Federica Mogherini, og utanriksministrane frå Finland og Sverige deltek på dette møtet.  

- Europeiske allierte må auke investeringane i eigen tryggleik. Frå norsk side har vi auka både investeringane og budsjetta for forsvarssektoren. Tett samarbeid mellom Nato og EU er viktig både for å få mest mogleg ut av ressursane, men også for å kunne møte dagens komplekse tryggingsutfordringar. Det er ikkje, og skal ikkje være, konkurranse mellom dei to organisasjonane. Nato og EU rår over ulike verktøy og har alle føresetnader for å utfylle kvarandre, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.  

Natos utanriksministrar vil også ta opp tilhøvet til Russland og Nato sin innsats i sør, mellom anna i kampen mot ekstremistorganisasjonen Isil. Det blir og eit møte i Nato-Georgia-kommisjonen (NGC).  

Utanriksministeren vil nytte høvet til å ha bilaterale samtalar i samband med opphaldet i Brussel.  

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022