Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utanriksminister Brende til Brussel 19.-20. april

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brende er i Brussel 19. og 20. april. Her skal han leie møtet i gjevarlandsgruppa for palestinarane (AHLC) og ha bilaterale møte med belgiske styresmakter og EU. Han skal også delta på eit seminar om nordområda.

Tysdag 19. april

Kl. 12: Brende møter den palestinske finansministeren Shukri Bishara. Stad: Norges Hus, 9. etasje. (Høve til foto ved møtestart.)

Kl. 15.50-16: Brende og Mogherini gjev ein kort uttale til pressa før møtet i AHLC. Stad: VIP Corner, Berlaymont.

Kl. 18.30: Brende er tilgjengeleg for kommentarar etter møtet.

Ca kl. 18.50: Brende møter Johannes Hahn, kommissær for naboskapspolitikk, Europakommisjonen. Stad: Hahns kontor. (Høve til foto ved møtestart.)

Onsdag 20. april

Kl. 8: Brende møter den belgiske utviklingsministeren Alexander De Croo. Stad: Tour des Finances, Blvd du Jardin Botanique 20/61. (Høve til foto ved møtestart.)

Kl. 9.30: Brende møter leiar for utanrikskomiteen i Europaparlamentet (Afet), Elmar Brok. Stad: Bât. Altiero Spinelli, 05E240. (Høve til foto ved møtestart.)

Kl. 11: Brende møter den belgiske utanriksministeren Didier Reynders. Stad: DetbBelgisk utanriksdepartementet, Palais Egmont. (Høve til foto ved møtestart.)

Kl. 13: Lunsj med Federica Mogherini, visepresident i Europakommisjonen og høgrepresentant for utanrikssaker i EU. Stad: Residensen, Avenue Jules Cesar 24. (Høve til foto ved møtestart.)

Kl. 15: Møte med handelskommissær Cecilia Malmström. Stad: Berlaymont. (Høve til foto ved møtestart.)

Kl. 17: Seminar i regi av Carnegie Europe og EU-delegasjonen om EU sin nye utanriks- og tryggingspolitiske strategi, med fokus på nordområda: «EU Global Strategy: A Northern Perspective». Brende held innlegg og deltek i paneldiskusjonen, saman med bl.a. Riina Kionka og Pierre Vimont. Stad: Norges Hus.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536.