Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utviklingsminister Astrup til utdanningskonferanse i Dakar, Senegal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utviklingsminister Nikolai Astrup deltek på påfyllingskonferansen til Det globale fondet for utdanning (GPE). Konferansen finn stad i Dakar, Senegal 2. februar 2017. På konferansen skal han annonsere det norske bidraget til fondet for åra 2018-2020.

- Utdanning er heilt avgjerande i kampen mot fattigdom og for å nå måla om berekraftig utvikling. Dette er difor ei hovudprioritering i norsk utviklingspolitikk. Noreg skal vere leiande i det internasjonale arbeidet for å sikra utdanning for alle. Eg ser fram til å møte samarbeidspartnarar på utdanningsfeltet og diskutere korleis vi kan trappe opp innsatsen ytterlegare, seier utviklingsminister Nikolai Astrup.

GPE er eit partnarskap av givarar, samarbeidsland, multilaterale organisasjonar, sivilt samfunn, privat sektor og stiftingar. Hovudmålet med partnarskapet er å støtte opp om land sine eigne planar for utdanning og spesielt grunnutdanning.

Noreg har internasjonalt teke ei leiarrolle for global utdanning. For meir informasjon, sjå her.

Pressekontakt: Kristin Enstad (med på reisa), telefon 482 68 835, e-post: kristin.enstad@mfa.no.