Historisk arkiv

Presseinformasjon

EØS/EU-minister Helgesen til København fredag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Statsråd Vidar Helgesen besøker København fredag, for politiske samtalar. EØS/EU-ministeren møter mellom anna den danske utanriksministeren og næringsministeren, i tillegg til generalsekretær i Nordisk ministerråd.

Tema for møta i Danmark er mellom anna migrasjon- og flyktningsituasjonen, terrorisme og anti-radikalisering, COP21, den utanrikspolitiske og tryggingspolitiske strategien til EU, og nordisk samarbeid innan EU. Den danske folkerøystinga, som går av stabelen torsdag 3. desember, vil også vere eit samtaleemne.

Program
10.15-10.45: Møte med utanriksminister Kristian Jensen.

10.45-11.30: Møte med departementssjef Ulrik Vestergaard Knudsen.

11.45-12.45: Arbeidslunsj med generalsekretær i Nordisk ministerråd, Dagfinn Høybråten. Tema: Norden i Europa og det komande norske formannskapet.

13.00-13.30: Møte med dei tilsette ved sekretariatet i NMR, om "Nordens felles interesser i EU".

13.30-13.45: Pressemøte (t)

14.00-14.45: Møte med erhvervs- og vekstminister Troels Lund Poulsen. Tema: Danske vekstinitiativ og innovasjon, samt arbeid mot over-implementering av EU-regelverk.

15.00-16.00: Besøk til State of Green, eit utstillingsvindauge for berekraftige/grøne teknologiske løysingar.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536.