Presseinformasjon

Frist for akkreditering til generalforsamlinga i FN

Media som skal dekke FN si 71. generalforsamling hausten 2016 må ha FN-akkreditering. Frist: 9. september.

Opninga av FN si 71. generalforsamling vert markert med ei veke med toppmøte, frå måndag 19. september til fredag 23. september. Frå Noreg deltek etter planen statsminister Erna Solberg, utanriksminister Børge Brende, helseminister Bent Høie, klima- og miljøminister Vidar Helgesen og innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug.

Media som ønskjer å dekke det som skjer i FN desse dagane må søkje akkreditering frå FN seinast fredag 9. september. Meir informasjon om dette finn du på FN sine nettsider.

Alle må:

Akkrediteringa skjer i regi av FN sin Media Accreditation and Liaison Unit (Malu).

Pressekontaktar:

For statsministeren: Kommunikasjonssjef Trude Måseide, mobil 957 26 510.

For utanriksministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Marte L. Kopstad, mobil 995 22 026 (til 20. september) og kommunikasjonsrådgjevar Astrid Sehl, mobil 922 84 752 (frå 20. september).

For helseministeren: Kommunikasjonsdirektør Liv Merete Wiker, mobil 992 07 708.

For klima- og miljøministeren: Kommunikasjonssjef Jon Berg, mobil 905 69 495.

For innvandrings- og integreringsministeren: Kommunikasjonssjef Gunnar A. Johansen, mobil 975 53 747.

FN-delegasjonen i New York: Presseråd Ragnhild H. Simenstad, mobil +1 646 642 9910.