Presseinformasjon

EØS/EU-minister Elisabeth Aspaker til Tallinn 31.3. – 1.4

Denne veka reiser EØS/EU-minister Elisabeth Aspaker til Tallinn i Estland, der ho skal ha politiske samtalar og opne ein konferanse om migrasjon og integrering.

EØS/EU-ministeren skal ha europapolitiske samtalar med den estiske utanriksministeren, finansministeren og leiaren for EU-komitéen i det estiske parlamentet. Ho skal også møte parlamentspresidenten og andre parlamentarikarar til ein arbeidsmiddag.

Torsdag 31. mars opnar Aspaker ein konferanse om migrasjon og integrasjon i regi av Nordisk ministerråd sitt informasjonskontor.

Vitjinga gir også høve til å sjå på nært hald det gode samarbeidet som er skapt mellom norske og estiske aktørar gjennom EØS-midlane. Aspaker møter mellom anna nokre av dei som har fått støtte frå programmet for grøn industriell innovasjon, forskingsprogrammet og NGO-fondet.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536.