Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 8

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 8, 2016

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Søndag 21. – tysdag 23. februar
Utanriksminister Børge Brende reiser til Colombia og Cuba. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Bogota og Havanna

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.

Onsdag 24. februar
Utanriksminister Brende deltek på UNDP sitt 50-årsjubileum. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: New York, USA

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250.

Torsdag 25. – fredag 26. februar
Utanriksminister Brende reiser til Washington for bilaterale samtalar.  Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Washington DC, USA

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250.

Laurdag 27. – søndag 28. februar
Utanriksminister Brende deltek på fylkesårsmøtet i Rogaland Høgre. Stad: Stavanger

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Peder Weidemann Egseth, 477 16 330.

Statsråd Elisabeth Aspaker

Tysdag 23. - fredag 26. februar
Statsråd Elisabeth Aspaker besøkjer Hellas. Statsråden skal ha politiske samtalar i Aten, og ho skal besøkje Lesvos. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Aten og Lesvos

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536.

Laurdag 27. februar
Statsråd Aspaker deltek på årsmøtet i Hordaland Høgre. Stad: Quality hotel Edvard Grieg, Bergen.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Benedicte Staalesen Nilsen, +47 468 11 754.

Statssekretær Tore Hattrem

Tysdag 23. – onsdag 24. februar
Statssekretær Hattrem deltek på ein ministerkonferanse om Somalia. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Istanbul, Tyrkia

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Måndag 22. februar
Kl. 10.00: Statssekretær Tronstad møter Leger uten grenser. Organisasjonen vil mellom anna leggje fram sin siste rapport om dei humanitære konsekvensane av flyktningsituasjonen i Europa. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.