Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 5

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 5, 2017.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 30. januar
Utanriksminister Brende vitjar Brussel for møte i EU-kommisjonen og EU-parlamentet. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Brussel, Belgia

Pressekontakt: Astrid Sehl, 922 84 752

Tysdag 31. januar
Kl. 08.00: Utanriksminister Brende møter frivillige organisasjonar i samband med arbeidet med stortingsmeldinga om utviklingspolitikk. Stad: Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 11.00: Utanriksminister Brende møter den finske politikaren Pekka Haavisto. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 12.30: Utanriksminister Brende er i Stortinget i samband med handsaminga av Meld. St. 39 (individklageordningane) og ein interpellasjon frå Audun Lysbakken. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 3. februar
Kl. 08.30: Utanriksminister Brende deltek på eit frukostseminar om Kina hos NHO. Stad: NHO, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen

Måndag 30. januar
EØS- og EU-ministeren vitjar Island. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Reykjavik

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Torsdag 2. februar
EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen deltek på Harstad sin europakonferanse, i regi av Næringsforeininga og Nord-Noregs europakontor. Stad: Harstad.

Pressekontakt: Siri R. Svendsen, 976 87 801

Statssekretær Marit Berger Røsland

Måndag 30. januar – fredag 3. februar
Statssekretær Marit Berger Røsland reiser til Midtausten. Eigen presseinformasjon følgjer.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 30. januar
Kl. 13.00: Statssekretær Tone Skogen deltek på lanseringa av Norhed-programmet (kapasitetsbygging innan høgare utdanning i låg- og mellominntektsland) sin årlege resultatrapport. Stad: Norads infosenter, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 31. januar
Kl. 08.00: Statssekretær Tone Skogen deltek saman med utanriksministeren på eit møte med frivillige organisasjonar i samband med arbeidet med stortingsmeldinga om utviklingspolitikk. Stad: Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 11.00: Statssekretær Tone Skogen møter LNU (Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar) om ungdom og FN sine bærekraftsmål. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 3. februar
Kl. 08.30: Statssekretær Tone Skogen møter Deborah Wetzel, leiar for Verdsbanken sitt styresettarbeid. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 13.00: Statssekretær Tone Skogen møter Stefano Manservisi, leiar for EU-kommisjonen si utviklingsavdeling. Stad: Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Laila Bokhari

Tysdag 31. januar – onsdag 1. februar
Statssekretær Laila Bokhari reiser til New York for møte om mellom anna antiradikalisering og utdanning. Stad: New York, USA

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Tysdag 31. januar
Kl 12.15: Statssekretær Elsbeth Tronstad møter representantar for ukrainske styresmakter. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.