Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 21

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet  i veke 21, 2017.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Tysdag 23. mai
Kl. 08.00: Utanriksminister Brende møter Phumzile Mlambo-Ngcuka, eksekutivdirektør i UN Women. Stad: Parkveien, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 19.00: Utanriksminister Brende er vert for ein arbeidsmiddag i samband med eit nordisk utanriksministermøte. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Lysebu, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 24. mai
Utanriksminister Børge Brende er vert for eit nordisk utanriksministermøte. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Lysebu, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 15.00: Utanriksminister Brende deltek på møte med Verdsbanken sin president Jim Kim og dei nordiske og baltiske ministrane med ansvar for verdsbankgruppa. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Parkveien, Oslo

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769.

Kl. 20.45: Utanriksminister Brende deltek i ein debatt om global helse saman med Verdsbanken sin president Jim Kim, etter framsyning av filmen "Bending the Arc", eit arrangement i regi av Redd Barna og Verdsbanken. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Vika kino, Oslo

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769.

EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen

Måndag 22. – tysdag 23. mai
EØS- og EU-minister Bakke-Jensen reiser til Andorra og Spania. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Andorra-la-Vella, Barcelona, Madrid

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Onsdag 24. mai
Kl. 13.00: EØS- og EU-minister Bakke-Jensen møter Höskuldur Thohallsson og Morten Stemre i organisasjonen for Nordisk Atlanterhavssamarbeid (Nora). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavarsdatter Lunde, 976 71 250

Statssekretær Marit Berger Røsland

Måndag 22. mai
Kl. 11.30: Statssekretær Marit Berger Røsland møter ungarske NGOar. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 12.30: Statssekretær Marit Berger Røsland held innlegg på seminaret "Hjelpe dem der de er - Norges støtte til flyktninger i nærområdene", arrangert av Universitetet i Oslo. Stad: Institutt for samfunnsforskning, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 26. mai
Kl. 20.00: Statssekretær Marit Berger Røsland er vert for ein arbeidsmiddag med ein amerikansk kongressdelegasjon. Stad: Trondheim

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 22. mai
Kl. 11.00: Statssekretær Tone Skogen møter Partnership for Change. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 13.00: Statssekretær Tone Skogen deltek i eit panel på Norad sitt evalueringsseminar. Stad: Norad, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 23. mai
Kl. 14.00: Statssekretær Tone Skogen møter Motuma Mekassa Zeru, energiminister i Etiopia. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Laila Bokhari

Måndag 22. mai
Kl. 10.15: Statssekretær Laila Bokhari møter Luis Almagro, generalsekretær i Organisasjonen av amerikanske statar (OAS). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 13.00: Statssekretær Laila Bokhari møter Khalid Koser, leiar for Global Community Engagement and Resilience Fund (GCERF). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 18.00: Statssekretær Laila Bokhari held innleiing på seminaret «She Decides», arrangert av foreininga Sex og Politikk. Stad: Litteraturhuset, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 23. mai
Kl. 09.00: Statssekretær Laila Bokhari deltek på høgnivåkonsultasjonar med UN Women. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Søndag 21. – måndag 22. mai
Statssekretær Tronstad reiser til Lisboa for å signere ein MoU med Portugal om innrettinga på EØS-midlane for perioden 2014-2021. Ho møter også statssekretær Nelson de Souza i departementet for planlegging og infrastruktur.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250