Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 46

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 46, 2019.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 11. - tysdag 12. november
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på møte i FN måndag 11. november. Ho skal mellom anna møte Afrikagruppa i FN, samt delta i møte om arbeidet for fred og forsoning. Tysdag 12. november møter utanriksministeren sin amerikanske motpart, Mike Pompeo i Washington D.C. Presse som ønsker å dekke møta i Washington må akkreditere seg til [email protected] innan utgongen av fredag 8. november. Utanriksministeren skal også ha fleire politiske møte i Washington D.C.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Trude Måseide, tlf. 95 72 65 10 (med på reisa).

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein 

Onsdag 13. november
Utviklingsminister Ulstein er i Kenya. Her skal kan mellom anna ha møte med lokale styremakter og delta på 25-årsmarkeringa for handlingsprogrammet for befolkning og utviklingsspørsmål frå International Conference on Population and Development (ICPD). Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Nairobi, Kenya

Pressekontakt: Pressekontakt: Guri Solberg (med på reisa), e-post: [email protected], mobil: +47 92 21 97 69

Fredag 15. november
Kl. 10.30: Utviklingsminister Ulstein deltek på den årlege konferansen til Bergen næringsråd med eit foredrag om bærekraft og utvikling. Stad: Bergen

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 52

Kl. 13.00: Utviklingsminister Ulstein besøkjer Haukeland universitetssjukehus. Her får han ei orientering om det internasjonale arbeidet til sjukehuset og møter medarbeidarar på utveksling frå land sjukehuset samarbeider med. Stad: Bergen

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 52

Kl. 18.00 Utviklingsminister Ulstein deltek på den årlege middagen til Bergen næringsråd. Stad: Bergen

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 52

Statssekretær Audun Halvorsen

Måndag 11. november
Kl. 11.00: Statssekretær Halvorsen møter Anna Novosad, utdanningsminister frå Ukraina. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 12. november
Kl. 09.30: Statssekretær Halvorsen held opningsinnlegg på Barents helseministermøte. Stad: Bristol Hotel, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 13. - torsdag 14. november
Statssekretær Halvorsen deltek på eit møte om samarbeid i Barentsregionen. Stad: Murmansk, Russland

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Marianne Hagen

Onsdag 13. november
Kl. 09.00: Statssekretær Hagen møter delegasjonen til det parlamentariske partnarskapet Asia-Europa (Asep). Asep er eit parlamentarisk forum knytt til dialogen på regjeringsnivå mellom Europa og Asia om politiske, økonomiske og kulturelle spørsmål (Asem-samarbeidet). Stad: Stortinget, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 11.45: Statssekretær Hagen held innlegg på Tolldagen i regi av Tolletaten. Tema er global handel. Stad: Oslo kongressenter

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 14. november
Kl. 15.00: Statssekretær Hagen har konsultasjonar med ein delegasjon frå utanriksdepartementet i Etiopia. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 18.45: Statssekretær Hagen tek i mot eit opprop og held appell i samband med eit fakkeltog for religionsfridom. Stad: 7. juniplassen, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 15. november
Kl. 10.00: Statssekretær Hagen opnar seminaret «Kvinner og barn i krig og konflikt». Seminaret vert arrangert av Noregs kvinne- og familieforbund. Stad: Litteraturhuset, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Jens Frølich Holte

Tysdag 12. november
Kl. 18.00: Statssekretær Frølich Holte deltek i ein paneldiskusjon om klima og konflikt. Debatten vert arrangert av Verdas naturfond (WWF), Dagbladet og Nobels fredssenter. Stad: Nobels fredssenter, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02                              

Statssekretær Aksel Jakobsen

Måndag 11. november
Kl. 14.30: Statssekretær Jakobsen møter Alison Evans og Sophie Sirtaine frå Verdsbanken sin «Independent Evaluation Group» (IEG). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 52

Tysdag 12. november
Kl. 14.00: Statssekretær Jakobsen møter ein delegasjon frå «Global Agriculture and Food Security Program» (GAFSP). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 52

Torsdag 14. november
Kl. 09.30: Statssekretær Jakobsen deltek på generalsekretærmøtet i Digni. Digni er ein paraplyorganisasjon for utviklingsarbeidet til 20 misjonsorganisasjonar og kyrkjesamfunn. Stad: Anker Hotel, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 52

Kl. 10.45: Statssekretær Jakobsen møter Chris Evans frå Minderoo Foundation. Tema er innsatsen mot moderne slaveri. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 52

Fredag 15. november
Kl. 09.00: Statssekretær Jakobsen opnar ein nasjonal konferanse om menneskehandel. Konferansen vert arrangert av prosjektet Rosa som står for reetablering, opphaldsstader, tryggleik og assistanse. Stad: Clarion Hotel The Hub, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 52

Til toppen