Presseinformasjon

Brende til utanriksministermøte for dei nordisk-baltiske landa og Visegrad-landa

Utanriksminister Børge Brende og den polske utanriksministeren er vertskap for eit møte mellom den nordisk-baltiske gruppa (NB8) og Visegrad-landa (V4) i Sopot, Polen 30. mai 2017.

- I ei krevjande og uforutsigbar verd er nærområda blitt endå viktigare for oss enn tidlegare. Nær og open dialog med dei nordiske og baltiske landa og Visegrad-landa er verdifullt, både om saker der vi har felles interesser og om dagsaktuelle tema, seier utanriksminister Børge Brende.

Dette er femte året på rad dei to regionale gruppene møtes på utanriksministernivå. Brende er vert for møtet sidan Norge har koordineringansvar for NB8 i 2017. Tryggingspolitikk, den politiske utviklinga i Europa, EU sitt austlege partnerskap, energi og transport er blant sakene som skal drøftast

Pressekontakt: Kristin Enstad, telefon: 482 68 835, e-post: kristin.enstad@mfa.no.