Innstramming i retten til barnetrygd ved utanlandsopphald trer i kraft

Frå og med 1. oktober er retten til barnetrygd under utanlandsopphald stramma inn frå seks til tre månadar. Bakgrunnen for lovendringa er at regjeringa vil motverke at foreldre tek ut barna frå skulen over lengre periodar.

- Eg er bekymra over situasjonen for barn som ikkje møter på skulen og ikkje får den undervisninga dei har krav på. Ei innstramming i retten til barnetrygd betyr at foreldre ikkje kan ta med seg barna på lengre opphald med barnetrygd utanfor Norges grenser, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

Forslaget om innstramming i retten til barnetrygd ved utanlandsopphald blei sendt på offentleg høyring 29. juli 2015, med frist for tilbakemeldingar 30. oktober 2015. Forslaget om innstramming har fått brei støtte i høyringsrunda, mellom anna frå NAV, UDI, Politidirektoratet, Kripos, UD og Oslo kommune. Dei som støttar forslaget legg særleg vekt på at det vil fremme integrering.