Historisk arkiv

Inviterer politikarar til opprop for eit godt debattklima

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

For å bidra til eit godt debattklima i oppkøyringa til stortings- og sametingsvalet i 2021, inviterer regjeringa politikarar og kandidatar frå alle parti til eit felles opprop for eit godt debattklima.

Dei tre statsrådene Kjell Ingolf Ropstad, Abid Raja og Nikolai Astrup tek til orde for eit felles opprop mot hatefulle ytringar.
Dei tre statsrådene Kjell Ingolf Ropstad, Abid Raja og Nikolai Astrup tek til orde for eit felles opprop mot hatefulle ytringar. Foto: KMD

Oppropet er eit ledd i arbeidet mot hatefulle ytringar og trusler. Meir enn fire av ti lokalpolitikarar har opplevd å motta hatefulle ytringar eller konkrete truslar. Åtte av ti stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmar har slike opplevingar.

− Det er ikkje akseptabelt å møte meiningsmotstandarar med hatefulle ytringar og trugslar. Det skal vere trygt å ytre seg i Noreg. Vi vil difor invitere politikarar og kandidatar frå heile det politiske spekteret til å skrive under, for å vise at det er brei semje om at den politiske debatten skal skje utan slike verkemiddel, seier kommunal og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Han har tatt initiativ til oppropet saman med kultur- og likestillingsminister Abid Raja og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad. Formålet med oppropet er å rette merksemd mot eit omfattande problem, som ikkje berre har konsekvensar for den som vert ramma, men óg for demokratiet.

− Politikarar skal tole kritiske spørsmål og å bli stilt til ansvar. Men vi skal ikkje tolerere eller godta alt, særleg ikkje hatefulle ytringar og trugslar. Vi som er aktive politikarar har difor eit særleg ansvar for å setje standarden i debatten, og for å vise omtanke og støtte opp om andre som opplever ubehagelege ting. Vi kan ikkje miste viktige stemmer i debatten på grunn av hat, hets og trugslar, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.

I tillegg til politikarane sjølve, har media ei viktig rolle i å sikre eit godt debattklima fram mot valet.

− Media gjer offentleg debatt mogleg og har ei viktig rolle i å sikre eit godt demokrati og debattklima. Det er difor viktig at media fortset å leggje til rette for den gode debatten både i eigne spalter og i kommentarfelt, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00