Jublar for EUs forsterka klimamål

EU har vedteke eit forsterka klimamål som seier at dei skal redusere klimagassutsleppa med minst 55 prosent innan 2030. Noreg sin klimapolitikk er tett knytt til EUs klimapolitikk, og vi har arbeida aktivt for at EU skal auke sitt klimamål for 2030 til 55 prosent. Regjeringa ønsker å samarbeide med EU for å nå det forsterka målet.

- Dette er svært godt nytt. Både statsminister Erna Solberg og eg har ved fleire høve oppfordra EU til å forsterke målet sitt til 55 prosent. Det er viktig for konkurransekrafta til Europa i det grøne skiftet, og det er viktig for gjennomføringa av Noreg sitt eige høge klimamål. EU er verdas største marknad, og tøffe klimamål der gjer det enda meir lønnsamt å satse på ny klimateknologi, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Noreg var eit av dei første landa i verda til å melde inn eit nytt og forsterka klimamål under Parisavtalen. Det gjorde vi allereie i februar i år. Det forsterka klimamålet til Noreg er å redusere utsleppa med minst 50 prosent og opp mot 55 prosent samanlikna med 1990-nivå. Norge har samstundes arbeida aktivt for at EU skal auke klimamålet sitt for 2030 til 55 prosent.

- Europa har leiartrøya i den globale klimakampen. Avgjerda til EU er viktig for at andre store utsleppsnasjonar skal komme etter. Noreg er tett integrert i klimapolitikken til EU, og dette gjer det enklare å få norske utslepp til å fortsette nedover slik dei har gjort under denne regjeringa, seier Sveinung Rotevatn.

Som følgje av at EU forsterkar klimamålet sitt, vil dei også endre klimaregelverket for å sikre at dei når det nye og forsterka målet. Europakommisjon vil sjå på om dei skal endre kva for område i samfunnet som regulerast av dei ulike regelverka.

Det nye regelverket til EU vil òg få tyding for arbeidet Noreg gjer med å få ned klimagassutsleppa.

EU-kommisjonen vil legge fram eit forslag til endra klimaregelverk i juni 2021. Deretter skal det diskuterast og handsamast i Rådet og Parlamentet før det blir vedtatt i EU.

Det vil difor gå fleire år før endringar i EUs nye klimaregelverk vil vere klart, og det vil kan hende ikkje tre i kraft før i 2025/26.