Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner besøker Jessheim vidaregåande skole i Ullensaker og Kirkeparken vidaregåande skole i Moss
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 58 | Dato: 20.08.2019
Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner ønsker nye elevar ved Jessheim vidaregåande skole velkomne til første skoledag tysdag 20.august. Statsråden vil også vere med på ein samfunnsfagstime ved Kirkeparken vidaregåande skole i Moss.
Program:
08.30 - 09.30 |
Jan Tore Sanner besøker Jessheim vidaregåande skole. Sanner møter blant andre elevar som har sin første skoledag på VG1 yrkesfag, og i mottaksklassane. Han møter også lærarar, og elevar på VG2 som kan fortelje om overgangen frå ungdomsskole til vidaregåande skole. Adresse: Ringveien 60, 2050 Jessheim |
11.00 - 12.00 |
Statsråden besøker Kirkeparken vidaregåande skole i Moss. Der får statsråden bli med på ein time og snakke om samfunnsfag med elevane. Adresse: Dronningens gate 22, 1530 Moss(inngang Chrysties gate) |
Kontakt:
Dersom journalistar ønsker å intervjue statsråden på Jessheim eller i Moss, ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Ragnhild Skaara Imset på mobil 93435930 eller mail rask@kd.dep.no