Presseinvitasjon: Kunnskapsministeren til Trondheim og Stjørdal

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er i Trondheim og Stjørdal 11. august. Han skal mellom anna tala til studentane ved studiestart på NTNU og delta på ei markering av byggjestart for Moholt studentby.

Tid: Tysdag 11. august 2015, klokka 10.00-15.00
Stad: Trondheim og Stjørdal

Det vil bli høve til intervju med kunnskapsministeren etter avtale med kommunikasjonsrådgivar Stian Stang Christiansen. Mobil: 99239083. E-post: stch@kd.dep.no.

Program for dagen:

Kl. 10.00: Immatrikuleringsseremoni ved NTNU
Statsråden talar til dei nye studentane

Kl. 11.00: Relasjonsarrangement ved NTNU
Statsråden talar til NTNU sine samarbeidspartnarar

Kl. 13.00: Markering av byggjestart for Moholt studentby

Kl. 15.00: Besøk i Sandskogan barnehage i Stjørdal