Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren sitt svar på spørsmål nr. 29 i spørjetimen på Stortinget 23.11.2016 om jeger- og fiskerettigheitar etter Statskog sitt sal av skogeigedomar i Trøndelag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Spørsmål frå representanten Ingvild Kjerkol (A)

Spørsmål:

I 2015 ble hele 12 500 dekar av Statskogs eiendommer lagt ut for salg i Trøndelag, til tross for sterke protester fra bl.a. Nord-Trøndelag Jeger- og Fiskerforbund, som på sitt årsmøte krevde en umiddelbar stans og retrett i alt som har med salg av Statskog SF å gjøre. 'Vi ber-ikke selg Statskog! Ikke selg arvesølvet vårt', var oppfordringen.

Kan statsråden forsikre om at jegere og fiskere også i framtida vil sikres samme tilgang til jakt- og fiskeområder til en overkommelig pris som før salget av Statskogs eiendommer?

Svar:

Når eigedomane vert kjøpte av andre, kan ikkje eg garantere for at dei vil leige ut områda til jakt og fiske på same måte som Statskog tidlegare har gjort. Ettersom dei eig eigedomen, kan dei f.eks. velje å bruke den jaktretten sjølv. Så det kan eg ikkje garantere for, men eg kan garantere for at Statskog vil fortsetje å halde trykket oppe for å levere gode tenester der dei er eigarar. Og så veit vi at både på jakt og på fiske har private eigarar også i dag betydeleg utleige av slike fasilitetar, som bidreg til at mange får oppleve den fantastiske gleda av å bevege seg i utmarka og bruke utmarksressursane våre, men det gjev også grunnlag for dei bruka som ligg rundt om i heile landet.

Så er det heilt rett at i 2015 – som i tidlegare år – har denne regjeringa følgt opp vedtaket som Arbeidarpartiet gjorde då dei sat i regjering, om å starte arronderingssalet i Statskog. Eg legg no til grunn, på same måte som under innlegget til representanten Storberget, at Arbeidarpartiet med dette spørsmålet har snudd i spørsmålet om utsal og arronderingssal i Statskog, og då er spørsmålet: Kva er eigentleg grunngjevinga for det, når ein sjølv valde å gjere dette fordi ein meinte at det ville gje betre eigedomsstrukturar i skogbruket, nye moglegheiter for effektiv og lønsam avverking.

Så spørsmålet er, igjen, til Arbeidarpartiet – og kanskje kan denne representanten svare når representanten Storberget ikkje ønskte det: Kva er årsaka til at ein har snudd – frå 2013 til 2016 – og no er imot det ein sjølv føreslo?