Lyser ut 980 millionar kroner til grøn omstilling

No kan bedrifter og forskingsinstitusjonar søke om over 50 millionar kroner til forskings- og innovasjonsprosjekt innan grøn omstilling.

– Grøn Plattform er ei storstilt satsing for grøn omstilling, og eg oppmodar relevante aktørar innan landbruks- og matsektoren til å søke. Eit aktivt og berekraftig landbruk er ein sentral del av det grøne skiftet og det grøne næringslivet i framtida, seier Landbruks- og matminister Olaug Bollestad

Det blir no lyst ut totalt 980 millionar kroner til hovudprosjekt innan Grøn Plattform-samarbeidd. Bedrifter og forskingsinstitusjonar kan søke om støtte til store treårige prosjekt. Dette er andre trinn i utlysningen. I første trinn fekk 93 forprosjekt støtte, derav fleire innanfor landbruks- og matsektoren.

Hvem kan søke?

Både bedrifter og forskingsinstitusjonar kan søke. Hovudprosjektet skal føre til verdiskaping for dei deltakande bedriftene, og bidra til samfunnsøkonomisk lønnsemd. Døme på aktuelle område kan vere sirkulær økonomi, berekraftig jordbruk og skogbruk, biogass og bioøkonomi. Næringsliv og forskingsinstitutt blir oppmoda til å gå saman om søknadene som kan utløyse støtte på over 50 millionar kroner.

Fakta om Grønn Plattform:

  • I tiltakspakken til regjeringa for grøn omstilling vart det foreslått 1 milliard kroner fordelte over tre år til ei ny Grøn plattform.
  • Målet med Grøn plattform er å legge til rette for grøn vekst og eit berekraftig næringsliv.
  • Alle grøne prosjekt innan forskings- og innovasjon, frå heilt grunnleggande forsking og fram til løysingar som skal presenterast for marknaden, kan søke om støtte.
  • Forskingsrådet, Innovasjon Norge, Siva og Enova samarbeider om ordninga, og har valt ut dei beste prosjekta frå næringslivet og forskingsinstitutta som får støtte.
  • Det er ikkje nødvendig å ha fått støtte til forprosjekt for å søke hovedutlysningen