Historisk arkiv

Manglende opplæring kostar dyrt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Dersom vi ikkje lukkast med å gi innvandrarborn god opplæring, er kostnadene for samfunnet rekna til 2,6 millionar kroner per individ.

Samfunnsøkonomisk analyse har laga ein rapport som har analysert økonomiske kostnader for innvandrarborn som får mangelfull opplæring. Rapporten, som er laga på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, er ei oppfølging av ein rapport Samfunnsøkonomisk analyse og Fafo laga om kostnadene ved mangelfull opplæring av flyktningborn i vår.

− Det er viktig å sikre at innvandrarborn får god opplæring, slik at dei kan ta utdanning, få jobb og bli fullt integrerte i samfunnet vårt. Skal vi lukkast treng vi ein skole som løftar alle elever, uansett bakgrunn. Dette understrekar kvifor regjeringa si satsing på skole er så viktig, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Han meiner at rapporten gir viktig kunnskap om kva for utfordringar vi står overfor dersom vi ikkje lykkast med å gi innvandrarborn i Noreg god opplæring. Rapporten om reknestykket om flyktningborn som kom tidlegare i vår, viste enda større kostnader ved mangelfull opplæring, og også større kostnader knytt til tilfredsstillande opplæring.

− Rapportane viser at det løner seg å investere i ein god skole for alle. Det er viktig for kvar einskild og det er viktig for samfunnet, seier Røe Isaksen.

I rapporten anslår forskarane at 80 prosent av innvandrarborna med mangelfull utdanning kjem i arbeid, men på grunn av låg kompetanse får dei lågare løn enn gjennomsnittet. Dei som ikkje kjem seg i arbeid gir auka utgifter for det offentlege, fordi dei som ikkje har jobb kan ha behov for trygd eller sosialhjelp. I tillegg kan det å stå utanfor arbeidslivet ofte gi helsemessige, psykiske og sosiale utfordringar for den einskilde. Totalt bereknar forskarane altså at dei samfunnsøkonomiske kostnadene kan vere på rundt 2,6 millionar per innvandrarbarn, mot 3,8 millionar kroner mot eit flyktningbarn – gjennom heile livsløpet.

Heile rapporten finn du her.

Faktaboks:
Samfunnsøkonomisk analyse har laga ein rapport som har analysert økonomiske kostnader for innvandrarborn som får mangelfull opplæring. I rapporten er innvandrarborn definert som barn som har kome til Noreg ved familiesamling, born av arbeidsinnvandrarar og norskfødde born med utanlandske foreldre (også kalla 2. generasjons innvandrarar)