Markering av NTNU-fusjon

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kjem til Gjøvik 4. januar. Han vil delta på markeringa av at Høgskolen i Sør-Trøndelag, Høgskolen i Ålesund, Høgskolen i Gjøvik og Norges teknisk- naturvitenskapelige universitet er slått saman frå 01. januar 2016.

NTNU og høgskolene i Sør-Trøndelag, Gjøvik og Ålesund er nå Noregs største universitet. Det markerar dei med arrangement i dei tre byane. 

Viserektor Jørn Wroldsen opner markeringa i Gjøvik kl 09.00. Deretter vil kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen halde tale om forventninger til NTNU i Gjøvik. 

Samstundes vil statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet delta på markeringa ved Høgskolen i Ålesund. 

Kl.10:00 blir det direktesending frå Trondheim, Gjøvik og Ålesund på nett-tv.