Historisk arkiv

Marknadshagar for lokal grønsaksproduksjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I Norge er Fylkesmannen i Vestland, Trøndelag, Oslo og Viken kopla på prosjektet med å etablere Markanadshagar I Norge saman med lokale aktørar. Dette er ein internasjonal modell for allsidig småskala produksjon av grønsaker. Målet er å skape ein lønnsam produksjon, og omsetje lokalt.

Les meir om Marknadshagar i siste Fylkesnytt frå Vestland 

Kjenneteikn på marknadshagar er konsentrert produksjon i faste bed på areal på 1-5 dekar. Mange har også ein mindre produksjon i tunell for å forlenge sesongen. Det er låge investeringar, då mykje av drifta vert gjort med handreiskap eller tohjulstraktor. Frå 2020 kan det søkjast om oppstartsstøtte frå Innovasjon Norge.

God planlegging og utnytting av arealet er viktig for lønsemda i produksjonen. Målet er sal i heile vekstsesongen gjennom REKO-ringar, andelslandbruk, abonnementskassar, restaurantar eller andre lokalmatutsal.

Samarbeid med Sverige
Tilrettelegging for marknadshagar skjer i samarbeid mellom aktørar i Sverige og fire fylke i Noreg. Her vert det lagt til rette med kurs og rådgiving for verksemder som driv etter denne modellen.

Målgruppa er interesserte gartnarar og bønder, som anten har eige gardsbruk eller som ynskjer å leige jord til produksjon av kortreiste grønsaker. Å legge til rette for kommersiell, lønsam dyrking, vil bidra til å auke lokalmatproduksjonen av grønsaker både i bynære strok og i bygdene.