Historisk arkiv

Martin Bryde avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Martin Bryde er i statsråd utnemnd til avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet. Bryde skal arbeide i avdeling for havbruk, sjømat og marknad. Dette er ei avdeling med både nasjonale, europeiske og globale oppgåver.

Bryde er 32 år gammal, er utdanna jurist, og har arbeidd i Fiskeri- og kystdepartementet sidan februar 2006. Han har tidlegare arbeidd som frilansar i Gyldendal Akademiske Forlag og som forskar ved Fridtjof Nansens Institutt. Bryde har i periodar fungert som avdelingsdirektør i departementet. Som avdelingsdirektør vil Bryde få fagleg leiaransvar for oppgåver knytt til havbrukslaget, som har ansvar for akvakulturlova med tilhøyrande regelverk og andre overordna rammevilkår for norsk havbruksnæring. Oppgåvene er både nasjonale, europeiske (i høve til EU/EØS) og globale.