Historisk arkiv

Meir arbeidsretting for flyktningar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa inngår no eit samarbeid med NHO for å få fleire kommunar til å bruke næringslivet til å integrere flykningar. Ein ny SSB-rapport viser at berre 1 av 4 flyktningar får arbeidspraksis i introduksjonsordninga.

- Det er eit overordna mål for integreringspolitikken at innvandrarar skal få brukt ressursane sine og bidra til fellesskapet. Då må vi lukkast med introduksjonsprogram og norskopplæring i kommunane. Eg meiner mange kommunar i langt større grad kan samarbeide med næringslivet, og er derfor glad for det samarbeidet vi no har inngått med NHO, seier statsråd Solveig Horne (FrP).

- Arbeidslivet er ein av dei viktigaste arenaene for inkludering, og mange av deltakarane i introduksjonsprogrammet har kompetanse som våre bedrifter etterspør. Vi er derfor veldig positive til å samarbeide med styresmaktene om å lage eit informasjonsopplegg til kommunane om arbeidsretting og marknadsarbeid og gå nærare i dialog med kommunar om korleis denne modellen kan prøvast ut fleire stadar, seier administrerande direktør i NHO, Kristin Skogen Lund.

Besøkte Sandefjord

Måndag besøkte barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne Sandefjord kommune og bedrifta Fønix saman med representantar frå NHO og IMDi. Fønix har sidan 2014 hatt ansvaret for Sandefjord kommune sitt tilbod i norsk og samfunnskunnskap, og har brukt metodikken frå NHO-prosjektet "Ringer i vannet", som går ut på å få fleire personar med nedsett arbeidsevne over i arbeid. Fønix nyttar same tilnærming overfor innvandrarar på introduksjonsprogram som for personar på attføring.

- Mange kommunar kan lære av Sandefjord kommune og det arbeidet som blir gjort her på Fønix. Deltaking i arbeidslivet er nøkkelen til integrering. NHO har utarbeida ein god metodikk for nær og tett kontakt med arbeidslivet, og eg ønskjer å legge til rette for at fleire kommunar kan bruke arbeidsretting, seier statsråd Horne.

1 av 4 har arbeidspraksis

Ein ny SSB-rapport viser at tiltak i tilknyting arbeidslivet er gunstig for moglegheita for å kome i arbeid, men rapporten viser også mellom anna at berre 1 av 4 deltakarar hadde arbeidspraksis som ein del av introduksjonsprogrammet. Rapporten har sett på over 13 000 deltakarar som avslutta introduksjonsprogrammet i perioden 2007 til 2011. Statsråden meiner dette viser eit stort potensiale.

- Regjeringa meiner at ein for liten del av dei som avsluttar introduksjonsprogrammet, og særleg kvinner, kjem seg ut i arbeid, og vi ønskjer derfor å sjå på korleis vi kan legge til rette for at fleire får den arbeidsrettinga dei treng. Gjennom samarbeidet med NHO vil departementet legge til rette for at vi får fleire forsøk med arbeidsretting for deltakarar i introduksjonsprogram, seier barne-, likestillings og inkluderingsminister Solveig Horne.

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (til høgre) besøkte måndag bedrifta Fønix i Sandefjord. Her saman med ein av deltakarane ved bedrifta (fremst), samt regiondirektør for NHO Vestfold, Kristin Saga (bakerst) og dagleg leiar ved Fønix, Toril Gogstad.
Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (til høgre) besøkte måndag bedrifta Fønix i Sandefjord. Her saman med ein av deltakarane ved bedrifta (fremst), samt regiondirektør for NHO Vestfold, Kristin Saga (bakerst) og dagleg leiar ved Fønix, Toril Gogstad. Foto: Marius Strand, NHO