Historisk arkiv

Plassen som ikkje finst

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Kvar ligg eigentlig Europa? Amerikanarar kan seie at dei skal på ferie til Europa. Vi seier ikkje det. Kvar no enn Europa eigentlig er. La oss prøve å finne det ut, skriv Are Kalvø som er månadens penn.

I min ungdom var Europa først og fremst innsida av ein togkupé, der unge menneske som ikkje hadde vaska håret på ei god stund diskuterte emne vi visste lite om på språk vi ikkje kunne spesielt godt. Interrail, altså. Interrail-feriar gjekk til Europa. Til ungdomsherberge og lugubre småhotell i Hamburg og Amsterdam og Paris, der vi gjekk omkring ved Eiffeltårnet og himla med auga til alle turistane som sikkert irriterte seg kraftig over desse skitne interrailarane som gjekk der og himla med auga når skikkelig folk prøvde å ta bilde av Eiffeltårnet.

På denne tida var Europa dessutan Vest-Europa. Aust-Europa talde ikkje. Aust-Europa var noko heilt anna. Aust-Europa var ein plass i svart-kvitt der folk hadde frakk og store tjukke komiske hovudplagg og drakk vodka medan dei avlytta kvarandre.

Vi som har opplevd den kalde krigen kjem sjølvsagt til å bli minst like irriterande som dei som opplevde krigen. Og vi har ikkje eingong ein krig å mimre om. Vi kjem til å snakke om muren. Om det delte Europa. Vi kjem til å lage stadig fleire bøker og filmar om kommunistfrykt, overvåking og spionasje. Og vi vil aldri klare å sjå på Aust-Europa som noko anna enn Aust-Europa. Vi kan prøve. Vi kan late som. Men vi vil ikkje klare det. Ikkje eigentlig. Til det har vi sett for mange amerikanske filmar med aust-europeiske skurkar, påfallande ofte spelte av tyske eller skandinaviske skodespelarar.

Noko seinare blei Europa noko ein krangla om. Og enten var veldig mot eller veldig for. Alternativ fanst ikkje. Var ein for, meinte ein også at Norge burde seljast til høgstbydande, og at fransk- og tysktalande byråkratar gjerne måtte komme til Norge og ta all fisken vår. Var ein mot, var ein også motstandar av framtida, og ville helst sitte for seg sjølv og tvihalde på oljepengane sine og skule olmt på framandfolk.

Resultatet av desse diskusjonane var at Norge sa nei. Dermed har vi slått fast at Norge ikkje er ein del av Europa. Og Aust-Europa er ikkje ein del av Europa. Ikkje eigentlig. 

Men kvar er då eigentlig Europa?
Ikkje dit vi reiser på ferie, tydeligvis. Det er ingen som reiser på ferie til fisketjuvar, kommunistspionar eller folk som berre er ute etter oljepengane våre.

I staden reiser vi på ferie til Syden, som heller ikkje er i Europa, sjølvsagt. Syden er ein plass heilt for seg sjølv. Eller vi reiser på storbyferie. Vi reiser til Dublin for å få øyrene tuta fulle av folkemusikk, eller vi reiser til Praha for å høyre gatemusikantar i litt stiligare omgivnader enn på Karl Johan. Eller vi reiser til Frankfurt fordi vi skal på messe. Fleire og fleire legg også jobbkonferansar til europeiske storbyar, som altså har blitt som norske seminarhotell, berre med betre ver og litt billigare alkohol. 

Men dette er jo ikkje Europa. Det er Dublin eller Praha eller jobb.
Så kvar er Europa? I Brussel?
Eller er det rett og slett i USA?
Eg veit ikkje.