Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Noreg underteiknar ein FN-konvensjon mot grenseoverskridande organisert kriminalitet og to tilhøyrande protokollar om menneskehandel og mot menneskesmugling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 183/00
Dato: 08.12.00

Noreg underteiknar ein FN-konvensjon mot grenseoverskridande organisert kriminalitet og to tilhøyrande protokollar om menneskehandel og mot menneskesmugling

Regjeringa har i dag vedteke å underteikne ein FN-konvensjon av 15. november 2000 mot grenseoverskridande organisert kriminalitet og to tilhøyrande protokoller av same dato. Den eine protokollen inneheld reglar som skal å hindre, kjempe mot og straffe handel med menneske, særleg kvinner og barn. Den andre protokollen har reglar mot smugling av menneske over land, sjøvegen og luftvegen.

Bakgrunnen for konvensjonen og protokollane er den globale aukinga i grenseoverskridande organisert kriminalitet, og særleg handel med og smugling av menneske. Den nye konvensjonen skal fremje internasjonalt samarbeid for å førebyggje og kjempe mot slik kriminalitet. Konvensjonen pålegg partane å kriminalisere mellom anna deltaking i ei organisert kriminell gruppe. Partane skal også samarbeide mot denne kriminaliteten.

Formålet med protokollen om menneskehandel er å redusere handel med menneske, særleg handel med kvinner og barn, og å verne og hjelpe ofra. Protokollen mot menneskesmugling skal hindre og vere eit ledd i kampen mot menneskesmugling. Partane vert forplikta til å kriminalisere menneskehandel og menneskesmugling i nasjonal lovgivning, og til internasjonalt samarbeid.

Konvensjonen og protokollane vil bli lagt fram for Stortinget sidan ratifikasjon krev samtykke frå Stortinget. Dei vil tre i kraft den nittiande dagen etter at dei er ratifiserte av 40 stater.

FN-konvensjonen og dei to protokollane vil vere viktige som globale instrument mot grenseoverskridande organisert kriminalitet, slik at statane kan samarbeide meir effektivt i kampen mot slik kriminalitet.

Til toppen