Historisk arkiv

Noreg fekk internasjonal regnskogspris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Noreg fekk i New York onsdag 11. mai ein internasjonal pris for å ta vare på regnskogen. Det er Regnskogsalliansen som står bak prisen, ein organisasjon med 300 tilsette i ni land.

Regnskogsalliansen deler kvart år ut fleire prisar til personar, bedrifter, organisasjonar og styresmakter som gjer ein stor innsats for å hindre øydelegging av regnskogen. Noreg fekk hovudprisen i år, den kallast "the Global Standard Setter".

I grunngjevinga heiter det at Noreg har vist eit "eineståande leiarskap i arbeidet for å beskytte verdas skogar og urfolka."

Blant tidlegere vinnarar er Marina Silva, som var miljøminister i Brasil, Paul Polman, toppsjef i  Unilever, Goldman, Sachs og Prinsen av Wales.

-Det er ei stor oppmuntring for Noreg å få denne prisen. Eg tolkar dette som ein verdsetjing for den strategien vi har vald for å få ned avskoginga. Landa får pengar frå Noreg etter kor mykje dei klarer å bremse øydelegginga av skogen. Vi har sett at Brasil har oppnådd enorme resultat, noko Noreg har påskjøna, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen. Han tok mot prisen på vegne av Noreg i eit arrangement i Natur-historisk museum i New York onsdag kveld.

Noreg kunngjorde under klimaforhandlingane på Bali i desember 2007 at vi ville løyve inntil tre milliardar kroner årleg til bevaring av regnskog, det sokalla REDD+. Våren 2008 ble den norske klima- og skogsatsinga etablert. Stortinget har vedteke å føre vidare satsinga fram til 2030. Noreg har sidan 2008 betalt om lag 17 milliardar kroner til tiltak som skal redusere utslipp frå øydelegging av skog i utviklingsland.

-Regnskog blir øydelagt i eit urovekkande stort tempo i mange land. Eg var sjølv nyleg i Indonesia og så spora etter dei valdsamme brannane i skogen. Palmeolje fortrenger regnskogen. Dette er ikkje berre eit problem for urfolk og naturmangfaldet, det er også svært alvorlig for verdens klima. Det er naudsynt å få avskoginga under kontroll om vi skal bremse klimaendringane, seier Helgesen.

Helgesen seier vidare at det er heilt avgjerande at det offentlege og private samarbeider.

-Mange tidlegere prisvinnarar har vært nettopp private selskap. Førre uke møtte eg Unilever sin toppsjef Paul Polman, som jo har fått prisen tidlegare. Det at eit av verdas største konsumentvareselskap har engasjert seg så sterkt i bevaring av regnskog, er imponerande. Berre med eit effektivt press frå private selskap kan etterspurnaden etter ikkje berekraftig palmeolje gå ned, seier Helgesen.

Over sumaren reiser han til den nest største regnskogen i verda, til Kongobassenget.

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen tok imot prisen i New York