Historisk arkiv

NSB-konsernet: Statleg eigarskap sikrar mangfald og reell konkurranse i transportsektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

- Staten bør også i tida framover vere eigar av NSB-konsernet. Eit statleg eigarskap til NSB vil i tida framover vere med på å sikre større mangfald av aktørar og ein reell konkurranse i transportsektoren, seier samferdselsminister Torild Skogsholm i samband med at det er lagt fram ei stortingsmelding om verksemda til NSB AS. (29.10.04)

Pressemelding

Nr.: 135/04
Dato: 29.10.04

NSB-konsernet: Statleg eigarskap sikrar mangfald og reell konkurranse i transportsektoren

- Staten bør også i tida framover vere eigar av NSB-konsernet. Etter kvart som meir persontransport med tog blir konkurranseutsett kan eit statleg eigd NSB-konsern, som driv både tog- og busstransport ut frå forretningsmessige omsyn, også motverke ei utvikling der store internasjonale transportselskap kan kome i ei monopolstilling i ein avgrensa norsk marknad for kollektivtrafikk. Eit statleg eigarskap til NSB vil i tida framover vere med på å sikre større mangfald av aktørar og ein reell konkurranse i transportsektoren.

Dette seier samferdselsminister Torild Skogsholm i samband med at det i statsråd i dag er lagt fram ei stortingsmelding om verksemda til NSB AS for perioden 2004-2006.

NSB AS er eit fullt ut statleg aksjeselskap. Samferdselsdepartementet forvaltar eigarinteressene til staten, og samferdselsministeren er generalforsamling i selskapet.

Formålet med stortingsmeldinga er for det første å gi Stortinget ei orientering om utviklinga i selskapet i perioden 2001-2003. I tillegg blir det orientert om NSB sine viktigaste utfordringar, strategiar og planar for dei komande åra. Stortingsmeldinga tar elles for seg mellom anna den marknadsmessige og økonomiske utviklinga for selskapet og krav til avkasting og utbytte.

Stortingsmeldinga skal vere eit grunnlag for utforminga av hovudlinene for Samferdselsdepartementet si eigarstyring av NSB AS.

Tog– i samspel med busstransport

I stortingsmeldinga blir det vist til at Samferdselsdepartementet er samd med NSB-styret når det gjeld å føre vidare ein strategi med sterkare konsentrasjon rundt kjerneverksemda til NSB.

- Toget vil utgjere grunnstammen i persontransportilbodet til NSB, medan konsernet si bussverksemd, gjennom dotterselskapet Nettbuss AS, vil inngå i eit samspel med toget der dette gir eit betre tilbod til kundane og betre lønsemd for NSB. Nettbuss gir i dag eit vesentleg positivt bidrag til NSB-konsernet. Bussverksemda i NSB-konsernet kan vere med på å styrkje kollektivtrafikken. Departementet meiner og at det er viktig at Nettbuss framleis skal vere eit heileigd dotterselskap av NSB, går det fram av stortingsmeldinga.

I meldinga blir det også opplyst om at Nettbuss for tida arbeider med sal av eigedelane sine i selskapet Norgesbuss. - Eit slik sal av aksjer vil medverke til at Nettbuss ikkje blir ein for dominerande aktør i bussmarknaden, går det fram av stortingsmeldinga.

Godstransport

Den norske marknaden for godstransport med jernbane er no opna for konkurranse. Samferdselsdepartementet reknar derfor med at konkurransesituasjonen vil bli skjerpa for CargoNet AS, som er den dominerande godstransportøren på det norske jernbanenettet. NSB eig i dag 55 prosent av aksjane i CargoNet AS. - Opninga for konkurranse innan godstrafikken tilseier at det kan vere aktuelt å revurdere føresetnaden om at NSB skal eige minst 51 prosent av eigedelane i CargoNet. Etter kvart som konkurransen i godstrafikken på det norske jernbanenettet utviklar seg, bør ein vurdere om denne grensa for eigarskapet i CargoNet bør opphevast. Ei oppheving av denne grensa vil føre til at Samferdselsdepartementet kan få fridom til å redusere eigarskapet i CargoNet dersom dette blir vurdert som mest fordelaktig for å sikre lønsam drift og utvikle verdiane i selskapet, går det fram av stortingsmeldinga.

Krav til avkasting og utbytte

Samferdselsdepartementet har fastsett avkastingskravet for NSB, etter skatt, til minst 7,2 prosent av bokført verdi av eigenkapitalen. - Etter Samferdselsdepartementet si vurdering bør kravet til eigenkapitalavkasting liggje fast i ein periode på 3-5 år, med mindre det før den tid skjer vesentlege endringar i dei faktorane som påverkar kravet, går det fram av stortingsmeldinga.

Samferdselsdepartementet legg opp til å endre utbyttepolitikken for NSB slik at den blir på line med utbyttepolitikken i andre fristilte statlege verksemder, der utbyttet blir sett lik innlånsrenta til staten multiplisert med eigenkapitalen, avgrensa oppover til ein viss prosentdel av årsresultatet etter skatt. Regjeringa vil komme nærmare tilbake til dette i budsjettet for 2006.

Til redaksjonen

For fleire opplysningar – sjå:

St.meld. nr. 6 (2004-2005) Om verksemda til NSB AS for perioden 2004-2006 (meldinga vert lenka opp rundt kl. 11.45)

Til toppen