Ny forskrift om forureining og avfall på Svalbard

Ny forskrift om forureining og avfall på Svalbard tar til å gjelde 1. januar 2021. Forskrifta stiller nokre nye krav, mellom anna krav til internkontroll i verksemder, men i hovudsak er forskrifta ei presisering av gjeldande rett. Forskrifta gjer reglane på Svalbard meir oversiktlege og tydelege.

I den nye forskrifta erstattar forskrift frå 2002 om miljøgifter, gebyrer for avløp og avfall på Svalbard. Det blir innført krav til internkontroll i verksemder for å sikre at krav til forureining og avfall i svalbardmiljølova, og krav etter produktkontrollova til produkt som kan føre til forstyrring av miljøet, blir overhalden.

Det følgjer av svalbardmiljølova at forureining på Svalbard er forbode med mindre det er gjort lovleg etter lova eller det er gitt løyve i medhald av lova. Den nye forskrifta synleggjer krav om løyve etter svalbardmiljølova for nokre praktisk viktige former for aktivitetar som kan føre til forureining og utslepp. Det gjeld til dømes terrenginngrep i grunn som er forureina, samt mudring og utfylling i sjø m.m. På nokre områder vil den nye forskrifta stille nye standardkrav i staden for krav til utsleppsløyve, mellom anna for lagring i tankar og utslepp av avløpsvatn.

Reglene om avfall er strukturert om og tilpassa dei faktiske forholda på Svalbard. I tillegg følgjer det nokre nye krav, mellom anna ein plikt for næringslivet til å setje opp bosskorg utanfor eigen verksemd.

Sjølv om det ikkje blir innført mange nye krav i forskrifta, vil den i større eller mindre grad få konsekvensar for alle offentlege og private verksemder, samt dei planansvarlege i alle lokalsamfunna på Svalbard. Planansvarlege får i den nye forskrifta ei plikt til å utarbeide avfallsplan. Plikten dei planansvarlege har til å etablere eit tilbod for mottak og innsamling av avfall hushaldningsavfall (inkludert avfall frå hytter) blir snevra inn slik at dei planansvarlege berre har plikt til å tilby mottak av hushaldningsavfall frå hytter, ikkje ei plikt til innsamling. Plikten dei planansvarlege hadde til å  samle inn næringsavfall som i art og mengde liknar på hushaldningsavfall, blir tatt inn igjen. Dei planansvarlege si plikt til å etablere særordningar  for skuterar og større gjenstandar blir oppheva.

Forskrifta vil få størst konsekvensar for næringsdrivande som ikkje har løyve til forureining eller mottak av avfall etter svalbardmiljølova, mellom anna som følgje av regler om internkontroll, krav til lagring i tankar og lagring av farleg avfall.

Du kan lese meir om den nye forskrifta i høyringsdokumenta. Dei finn du her

Click here for an unoffical translation of the regulation in russian. 

Click here for an unofficial translation of the regulation in english.