Historisk arkiv

Ny jury for Statens byggjeskikkpris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete har utnemnd ny jury for Statens byggjeskikkpris. Juryen skal sitte i fire år, frå 2013 til 2016. Leiar for den nye juryen er Anne Enger, fylkesmann i Østfold.

Juryen hadde sitt første møte torsdag 31. januar. Fra ventre: Olav Kristoffersen, Anita Veiseth, Geir Svenningsson, Ellen Haug, Anne Enger (juryleiar) og statssekretær Dag-Henrik Sandbakken, som innleda møtet.

Byggjeskikkprisen er ein heiderspris for bygningar, som gjennom utføring, materialbruk og samspel med stad og miljø hevar, fornyar og utviklar den allmenne byggjeskikken i landet.

Kandidatane skal ha god arkitektonisk utforming, og må i tillegg oppfylle sentrale kvalitetar til miljø og universell utforming. Det kjem fram i statuttane til prisen.

Byggjeskikkprisen vert delt ut kvart år. Det er opent for alle å føreslå kandidatar til prisen. Husbanken er sekretariat for juryen.

Den nye juryen har representantar frå heile landet, med bakgrunn frå prosjektering, offentleg forvalting, samfunnsplanlegging, utbygging og forsking.

Dette er juryen for den neste fireårsperioden:

Leiar:

  • Anne Enger, Moss, fylkesmann i Østfold

Medlemmer:

  • Ellen Haug, Oslo, sivilarkitekt i rådgjevargruppa Civitas
  • Olav Kristoffersen, Trondheim, sivilarkitekt og medeigar i arkitektkontoret Brendeland og Kristoffersen
  • Geir Svenningsson, Bergen, sivilarkitekt og senior prosjektleiar i Vestlandske Boligbyggelag
  • Anita Veiseth, Alta, senior landskapsarkitekt i Verte landskap

Varamedlemmer:

  • Magnus Aune Hvam, Oslo, direktør i Forny AS
  • Karin Høyland, Trondheim, sivilarkitekt og seniorforskar ved SINTEF Byggforsk
  • Tonje Broch Moe, Stavanger, sivilarkitekt og partnar i Kontor for arkitektur og plan
  • Todd Saunders, Bergen, Sivilarkitekt og dagleg leiar i Saunders Architecture

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen