Historisk arkiv

Nye vedtekter for Språkrådet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet har no fastsett vedtekter for Språkrådet.

Nye vedtekter for Språkrådet

Språkrådet har dei siste åra gjennomgått ei gradvis omdanning og har i ein overgangsfase stått under leiing av eit interimsstyre. Etter dei nye vedtektene skal departementet no oppnemna eit permanent styre. Styret skal i sin tur oppnemna fleire fagråd med tematisk avgrensa ansvarsområde. Desse skal vera med å sikra at Språkrådet har brei samfunnskontakt i arbeidet sitt.
Vedtekter