Historisk arkiv

Opninga av Kinnaspelet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturminister Ellen Horn

Opninga av Kinnaspelet

Kinn, Florø, 16. juni 2001

Vyrde vener! Først må eg takke hjarteleg for invitasjonen. Det er ei stor glede for meg å kome hit. Og at sola skin frå den strålande blå himmelkvelven gjer meg lykkeleg og glad! Og har gjeve meg ei porsjon overmot! Eg freistar å halde denne tala på nynorsk!

"Dra til Kinn og vert rik" det er eit uttrykk som fiskarar langs Vestlandskysten brukte alt på attenhundretalet. Dei store sildefiskeria kring Kinn gav materiell rikdom og gjorde i periodar at det var svært så folksamt på øya. Går vi lenger tilbake i tida, har ein funn av steinalderreiskap frå Kinn. Og vi kan gå ut frå at så lenge menneske har segla langs norskekysten, har Kinnaklova vore eit viktig seglings- og sjømerke. Ho har vore eit merke for folk som rodde fiske og folk som kom inn frå havet, for handelsmenn og kongsmenn.

Handelsmannen Ottar frå Hålogaland såg Kinnaklova på slutten av 800-talet, då han drog sørover langs kysten til Skiringsal, i vår tids Vestfold, og vidare til England, der han møtte den velkjende kong Alfred.
Våre tidlege mellomalderlover nemner "dei heilage som kviler på Kinn" – etter legenda om Selja og Kinn. Der er det snakk om irar som var komne hit over Nordsjøen. Også dei må ha sett Kinnaklova då dei fann hamn her ein gong ved byrjinga av historisk tid i Noreg, ho vart ein del av kvardagen deira då dei slo seg til på Kinn.

No er vi samla i eit nytt årtusen – år 2001 – for å høyre soga om Kinn enno ein gong! Frå min ståstad som kulturminister - og tidlegare skodespelar og teatersjef - er dette stort! Og det er særs gledeleg å registrere det gode og fruktbare samarbeidet som er etablert mellom kyrkje og teater for å få til Kinnaspelet. Det var ei modig og dristig handling - både av sokneprest Odd Stubhaug og soknerådet - då dei tok kontakt med det nyetablerte Sogn og Fjordane Teater for å få til eit spel ved kyrkja her ute på Kinn. Og teatret lét ikkje sjansen gå frå seg! Alle som frå første stund og til no har vore involverte i dette samarbeidet, fortener stor takk og ros for det som har vorte resultatet av dette eineståande samarbeidet mellom kyrkje og teater. Slikt treng vi meir av! I ei tid som er prega av kommersialisering og ny teknologi og globalisering! Vi må slå ring om historia, og dei levande tradisjonane. Kinnaspelet vert no framført for 17. gongen. Kring
55 000 har vore på Kinn for å sjå spelet, og kvart år har kring 200 friviljuge lagt ned fleire årsverk i form av dugnadsinnsats. Berre det er grunn god nok til – no midt i FNs "frivillighetsår" – å gje stor ros til alle som er med!

Eg frydar meg over å sjå korleis unge og gamle over heile landet sluttar opp om alle dei lokale spela som veks fram og gjer den kulturelle faunaen i landet vårt rikare! Gjennom desse blomstrande framsyningane i samspel mellom profesjonelle og amatørar i vakker natur – mellom bakkar og berg – i fjordar og dalføre, blir vi minte på kven vi er og kor vi kjem frå!

Som fiskarane sa i gamal tid: "Dra til Kinn og vert rik"! Eg har også reist til Kinn, for å verte rik! Og eg vil nytte dette høvet til å snakke om at kulturen skapar rikdomar for land og folk som kanskje er langt viktigare enn vi tenkjer på i kvardagen. Kulturlivet gjev oss livskvalitet – kreativitet – glede og identitet – samhald og kjærleik – latter og gråt! Kulturen minner oss om kvifor vi lever – og gjev oss noko å leve for! Så sterkt eg kan vil eg oppmode til at vi i den komande valkampen får fram at utfordringane i eit nytt tusenår handlar om mykje meir enn billigare bensin og lågare skatter! Vi har pengar nok – og konsumerer nok – vi kjøper og et og reiser meir enn nokon gong før! Men norsk identitet, norsk språk og kulturarv kan lett gå i gløymeboka om vi ikkje satsar sterkare på kulturen i landet vårt. Dette er bodskapen min i valkampen. Regjeringa vil ruste opp kultur-Noreg. Det vil vi bruke pengar på!

Det er særs spanande for meg å vere her for å sjå Kinnaspelet og oppleve Kinn og Kinnaspelet for første gong. Ei ildsjel av ei kvinne som gjorde ein stor innsats for Spel-kulturen i landet vårt, var Anne Gullestad – Ho var skodespelar og teatersjef og ei eg sette særs høgt – ein stor inspirator! Hennar glødande engasjement for kulturen i distrikts-Noreg var grenselaus og arven etter innsatsen hennar lever i beste velgåande rundt om i det langstrakte landet vårt. I tillegg til Kinnaspelet var ho jordmor for Mostraspelet, dei fire Håkonspela og Fimreite-spelet, som no har teke ei pause, men vonleg vaknar til nytt liv att om ikkje så lenge! Eg vonar at eg kan bringe arven etter Anne Gullestad vidare! Ho døydde altfor tidleg – 1. april 1998.

Eg trur vi som no er samla for å sjå årets utgåve av Kinnaspelet, kor moderne vi enn måtte oppleve oss, framleis har mykje av det same i oss som dei som gjennom århundra har sett spor etter seg her på Kinn. Det handlar framleis om tru, tvil og kjærleik i våre liv, som det gjorde for mellomaldermenneska og som det gjorde for menneska i reformasjonstida.

I stykket vi no skal sjå, spør danskefuten oppkomlingen Tarve: "Hva søker du på dette sted ?" Kanskje kunne eg stille det same spørsmålet til oss som er samla her. "Kva søkjer vi på denne staden ?" Vi har nok ulike svar.

Sildefiskarane kom hit på jakt etter havets sølv. Dei drog til Kinn for å verte rike. Eg er sikker på at vi som er her no for å sjå Kinnaspelet, vil ha ei rik oppleving med oss inn i framtida. Takk til forfattar Rolf Losnegård, komponist Per Janke Jørgensen og regissør Trond Lie, som eg veit er til stades her i dag. Lykke til arrangørar og medverkande! Lykke til gode publikum. Ta alle dine sansar og kjensler i bruk. Ha ei rik oppleving. Det er ei glede for meg å seie Kinnaspelet 2001 for opna.

Til toppen